Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om lyrikkboka av Georg Johannesen. For det kristne verket frå 1400-talet, sjå Ars moriendi.

Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter er ei lyrikkbok av Georg Johannesen som kom ut i 1965. Ars moriendi tyder «kunsten å døy» på latin, og er ein allusjon til tittelen på eit vidgjete kristent, illustrert verk frå 1400-talet som vart mykje lese i samtida. Verket kom ut i etterkant av den store pesta og skildra gode og vonde krefter i kamp om menneskesjela og korleis ein skulle få ein god død. [1] [2] «De syv dødsmåter» refererer til dei sju dødssyndene frå katolsk-kristen lære. Ars Moriendi, eller De syv dødsmåter er inga religiøs lyrikksamling utover desse referansane, men er skriven innanfor postmodernismen.

Oppsett og språk[endre | endre wikiteksten]

Diktsamlinga består av sju gonger sju, altså 49 dikt som er ordna i sju kapittel, som står til sju veker. Kvar veke samsvarer dermed til éi dødssynd, eller dødsmåte, nemleg lettsinn, fråtseri, vrede, vellyst, havesyke, hovmod og misunnelse. Dødsmåtane fungerer som overskrifter for kvar sine sju dikt.

Lyrikksamlinga er gjennomsyra av samansette språklege bilete og metaforar som verkar uforståelege og meiningslause. Dette gjer dikta i lita grad moglege å tolka, og vanskeleg tilgjengelege. Samtidig refererer dikta til store delar av vestleg kulturhistorie, og krev difor mykje av lesaren. Dikta kan difor lesast som ei form for gåter. [3] Under står diktet for måndag, «Fluktforberedelse» under overskrifta «VENTEUKE: LETTSINN (I en stor-by)»:

Kommoder med åpne skuffer:
Flukt fra ulykker av begrenset omfang
Skred i en grøft og flom i et fat
Hud fant vi ikke, heller ikke klær
Hauger av begynnelser sank ned
Lampene var borte, pærene lå igjen
Det som ble funnet var foret i frakken
og det som er mellom barken og veden
den hvite hinnen mellom egget og skallet
[4]

Etterpåkloke etterord[endre | endre wikiteksten]

Ars Moriendi kom ut i ny utgåve i 1996, inneheldt ho "Etterpåkloke etterord" der forfattaren forklarer og tolkar dikta. Her skriv han at boka inneheldt sju stasjonar som sju tavler. Vidare forklarer han at dei sju dødsmåtane ikkje var meint som negative normer eller forbod, men som faktiske tilstandar, nøytrale påbod, naudsynte eller umoglege framgangsmåtar og ståstader. [5] Om diktet Venteuke forklarer lyrikaren at han var inspirert av eit måleri av Salvador Dali som førestiller ei langstrakt mumiekvinne med sju opne skuffer langs låret og ein brennande sjiraff i bakgrunnen. Johannesen meinte Venteuke-diktet som ei samtidsskildring av 1960-åra. [6]

Seinare resepsjon, Ars Vivendi[endre | endre wikiteksten]

I ei avstemning blant 70 norske forfattarar i 1990 vart Ars Moriendi kåra til beste norske diktsamling i det 20. århundret. [7] [8] I 1999 gav Georg Johannesen ut Ars Vivendi, eller De syv levemåter som er skrive til dei sju dygdene og kan lesast som eit motstykke til Ars Moriendi. [9] Denne vart tildelt Halldis Moren Vesaas-prisen og vart nominert til Nordisk Råds litteraturpris.

Like fullt er Ars Moriendi eit hovudverk i lyrikkproduksjonen til Georg Johannesen. Johannesen, som var professor i retorikk ved Universitetet i Bergen, har fått ein plass oppkalla etter seg bak Studentsenteret til UiB på Sydneshaugen. Georg Johannesens plass er pryda med eit sjablongbilete av forfattaren på ein murvegg, saman med graffiti og sitat frå nettopp Ars Moriendi:

Jeg er en mann de lumske kan regne med
,
Jeg tåler regnet på kinnet,
og ser forskjell på grått og grått
Å leve er nødvendig, men neppe nok,
Å handle er et vanskelig språk,
Å være død er for lettvint
[10]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Fidjestøl, Kirkegaard, Aarnes, Aarseth, Longum og Stegane: Norsk litteratur i tusen år, s. 582-583, Cappelen Akademisk Forlag, 2. utgåve, 1996.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]