Arthur Ransome

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arthur Ransome

Statsborgarskap Storbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 18. januar 1884
Leeds
Død

3. juni 1967 (83 år)
Cheadle Royal Hospital

Yrke journalist, skribent, barnebokforfattar, illustratør, eventyrsamlar, omsetjar
Språk engelsk
Far Cyril Ransome
Arthur Ransome på Commons

Arthur Mitchell Ransome (18. januar 18843. juni 1967) var ein engelsk barnebokforfattar og journalist. Han er særleg kjend for den tolv bind lange Swallows and Amazons-serien om sommaropplevingane til barn i Nord-England. Den fyrste av desse bøkene kom ut i 1930.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ransome var fødd i Leeds, der faren var professor i historie. Då faren døydde i 1897 gjekk det djupt inn på den unge guten. Barndomsopplevingane frå feriar i Lake District var grunnlaget for mange av bøkene hans.[1]

Ransome fekk forholdsvis lite formell utdanning før han flytta til London for å arbeida som forlagsassistent med ambisjonar om å delta i det litterære livet i London. I 1906 skreiv han tre bøker i ein serie med Nature books for children og i 1907 skreiv han den meir ambisiøse Bohemia in London.

Han gifta seg i 1909 med Ivy Constance Walker, og paret fekk ei dotter. Ekteskapet var ulykkeleg, og Ransome drog på fleire reiser og korrespondentoppdrag i Aust-Europa. Han var krigskorrespondent på Austfronten frå 1914 og dekte òg den russiske revolusjonen i 1917. Han blei venn med Lenin og Leo Trotskij, og møtte Trotskij sin sekretær Jevgenia Petrovna Sjelepina, som han gifta seg med i 1925. Under åra i Sovjetunionen og Estland hadde Ransome oppdrag for britisk etterretning, samtidig som han var mistenkt for å vera dobbeltagent.[2][3][4]

Etter 1925 busette han seg i Manchester, der han i tillegg til bøker òg skreiv utanrikskommentarar og sportsfiskeartiklar for The Manchester Guardian.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Forfattarskapen til Ransome var allsidig. Han skreiv biografiar om Edgar Allan Poe (1910) og Oscar Wilde (1912) og ei upublisert bok om Robert Louis Stevenson, som først kom ut i 2011. Han gav ut ei samling med russiske folkeeventyr (1916), to reportasjebøker frå Sovjetunionen (1919 og 1921) og ei reiseskildring frå lystyachten «Racundra»: Racundra's First Cruise (1923), med utgangspunkt i den dåverande bustaden sin i Estland. Han skreiv òg to bøker om sportsfiske.

Dei best kjende bøken ehans er serien Swallows and Amazons, som skildrar sommareventyra til tre søskenflokkar i Lake District og Norfolk Broads. Bøkene vekslar mellom realistiske skildringar og eventyrleik. Mannskapet på båten «Swallow» (‘Svala’) er syskena John, Susan, Titty og Roger Walker (etterkvart kjem òg den yngste Bridget med), medan mannskapet på «Amazon» (‘Amasona’) er søstrene Nancy and Peggy Blackett. Særleg den uredde Nancy blir ein hovudperson i serien. I den fjerde boka, Winter Holiday, blir syskena introduserte Dick og Dorothea Callum som ei tredje gruppe barn. Disk og Dorothea blir hovudpersonar i andre bøker i serien, som introduserer endå fleire syskenflokkar. Berre den fyrste av bøkene er omsett til norsk: Villkatt-øya, svalene og amasonene (1949).[5]

I 1936 blei Ransome tildelt den fyrste Carnegie Medal in Literature for Pigeon Post, som er den sjette av bøkene i serien om Swallows and Amazons. Det finst fleire foreiningar og selskap som arbeider for å fremja forfattarskapen til Ransome.[6][7][8] Han blei utnemnd til CBE i 1953. Sjølvbiografien hans The Autobiography of Arthur Ransome blei gjeven ut posthumt i 1976.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Swallows and Amazons[endre | endre wikiteksten]

  • Swallows and Amazons (published 1930)
  • Swallowdale (1931)
  • Peter Duck (1932)
  • Winter Holiday (novel)|Winter Holiday (1933)
  • Coot Club (1934)
  • Pigeon Post (1936)
  • We Didn't Mean To Go To Sea (1937)
  • Secret Water (1939)
  • The Big Six (1940)
  • Missee Lee (1941)
  • The Picts and the Martyrs|The Picts and the Martyrs: Or Not Welcome at All (1943)
  • Great Northern? (1947)
  • Coots in the North (ufullendt) — redigert av Hugh Brogan og gjevne ut i delar som ufullendt verk i 1988, saman med andre korte tekstar

Gjeve ut posthumt[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Julia Eccleshare. Beatrix Potter to Harry Potter, portraits of children’s writers. National Portrait gallery, 2002. ISBN 1-85514-342-9
  2. «Arthur Ransome – double agent?». BBC Local: Leeds (Leeds, England: BBC News). 1. desember 2009. Henta 27. mars 2013. 
  3. Pallister, David (1. mars 2005). «Still an enigma, our Petrograd correspondent». The Guardian (London). Henta 27. mars 2013. 
  4. Marcus Sedgwick. Blood Red Snow White. Orion Children's Books, 2007. Dokumentarroman om Ransomes år i Sovjetunionen.
    Roland Chamber. The Last Englishman, the Double Life of Arthur Ransome. Faber & Faber, 2009. ISBN 0-571-22261-7.
  5. allthingsransome.net Omslagsbilde Villkattøya
  6. AllThingsRansome, articles and resources related to the life and works of Arthur Ransome
  7. The Arthur Ransome Society
  8. Arthur Ransome Trust Arkivert 13. mai 2013 på Wayback Machine., charitable trust dedicated to studying and appreciating Arthur Ransome's life and works
  9. Ransome, Arthur (16 April 2002). Racundra's Third Cruise. ISBN 9781898660897.