Artisjokk
Utsjånad
| Artisjokk | |
Artisjokk | |
| Systematikk | |
| Rike: | Planteriket Plantae |
| Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
| Orden: | Korgplanteordenen Asterales |
| Familie: | Korgplantefamilien Asteraceae |
| Underfamilie: | Carduoideae |
| Stamme: | Cynareae |
| Slekt: | Cynara |
| Art: | Artisjokk C. scolymus |
| Vitskapleg namn | |
| Cynara scolymus | |
Artisjokk eller artiskokk (Cynara cardunculus var. scolymus ) er ein fleirårig tistel i artisjokkslekta (Cynara). Delar av blomen, artisjokkbotnen eller artisjokkhjartet, blir brukt som grønsak og er rekna som ein delikatesse som blir mykje brukt i fransk og italiensk mat.
Artisjokk er ei kulturform av kardon som stammar frå middelhavslanda. Planten blir opptil 1,5 m høg. Blada er sølvgrøne og blir 50-80 cm lange. Blomane er purpur- eller lilla-raude og har ein diameter på rundt 10 cm.


Korgdekkeblada og blomekjernen er etande. Han kan lagast til gjennom koking, steiking, damping, baking eller grilling.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Å tilberede artisjokk Arkivert 2013-08-27 ved Wayback Machine., minsunnemat.blogg.no (biletguide)
Denne biologiartikkelen som har med mat å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |