Artisten Blanco

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Artisten Blanco

Fødd10. februar 2003 (21 år)
FødestadBrescia, Calvagese della Riviera
FødenamnRiccardo Fabbriconi
AliasBlanco
OpphavItalia
Aktiv2020–
Sjangerpop
PlateselskapIsland Records, Universal Music Italia
Verka somsongar, rappar

Riccardo Fabbriconi (fødd 10. februar 2003 i Brescia i Italia), best kjend under artistnamnet Blanco, er ein italiensk songar, rappar og låtskrivar.[1] Han debuterte med studioalbumet Blu celeste i september 2021, som gjekk til topps på den italienske albumlista.[2] Fleire av låtane hans har også toppa den italienske singellista; den mest populære, «Mi fai impazzire», toppa lista i åtte veker og selde til seks gongar platinastatus.[3][4] Han vann Sanremo-festivalen 2022 saman med Mahmood og songen «Brividi», og representerte Italia i Eurovision Song Contest 2022.[5]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fabbriconi vaks opp i Calvagese della Riviera i Lombardia, men tilbrakte mesteparten av barndomen mellom fødebyen Brescia og Desenzano del Garda, der han gjekk på skule.[1] Som barn høyrde han på italienske popartistar som Lucio Battisti, Lucio Dalla og Pino Daniele. I ungdomsåra gjekk han etter kvart i retning av hiphopen.[6]

I juni 2020 gav Blanco ut EP-en Quarantine ParanoidSoundCloud. Der vart han oppdaga av Universal Music som tilbaud han ein platekontrakt.[7] Han gav ut debutsingelen «Belladonna (Adieu)»[8], og i juli 2020 kom oppfølgjarsingelen «Notti in bianco» som nådde ein andreplass på den italienske singellista.[9] Sidan følgde ei rekkje nye singlar, og han toppa den italienske singellista med «La canzone nostra» saman med produsenten Mace og rapparen Salmo. Sidan toppa han lista på nytt med «Mi fai impazzire» (saman med rapparen Sfera Ebbasta), «Blu celeste» og seinast med «Brividi» saman med Mahmood.

10. september 2021 slapp Blanco debutalbumet Blu celeste, som bestod av ni ikkje-utgjevne spor produsert av Michelangelo, i tillegg til dei tidligare utgjevne singlane «Notti in bianco», «Ladro di fiori» og «Paraocchi». Albumet gjekk rett til topps på den italienske albumlista, og vart sertifisert til gull av FIMI etter ei veke, og sidan platinastatus veka etter.[10]

Blanco vann Sanremo-festivalen 2022, den største musikktevlinga i Italia. Der deltok han med kjærleiksballaden «Brividi» saman med Mahmood, som også vann Sanremo-festivalen i 2019.[11] Songen vekka oppsikt sidan den var den fyrste songen i historia til Sanremo-festivalen til å ta opp homofil kjærleik.[12] Songen vart strøyma 3,3 millionar gongar det fyrste døgnet etter utgjevinga, og sette strøymerekord for Spotify i Italia.[13] Låten gjekk rett til topps på den italienske singellista etter berre tre dagar.[14] Som vinnar av Sanremo-festivalen representerte han og Mahmood Italia i Eurovision Song Contest 2022 på heimebane i Torino.[15] Der enda dei på sjetteplass.[16]


Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Tittel Albumdetaljar Høgaste listeplassering Sertifiseringar
ITA
[17]
SVI
[18]
Blu celeste
  • Gjeve ut: 10. september 2021
  • Merke: Universal
  • Format: CD, LP, digital nedlasting, strøyming
1 11

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Singlar der Blanco er hovudartist:

Tittel År Høgaste listeplassering Sertifiseringar Album
ITA
[19]
SVI
[20]
«Belladonna (Adieu)» 2020 Ikkje frå album
«Notti in bianco» 2 Blu celeste
«Ladro di fiori» 16
  • FIMI: Platina
«La canzone nostra»
(med Mace og Salmo)
2021 1
  • FIMI: 5× platina
Ikkje frå album
«Paraocchi» 3
  • FIMI: 3× platina
Blu celeste
«Mi fai impazzire»
(med Sfera Ebbasta)
1 56
  • FIMI: 6× platina
Ikkje frå album
«Blu celeste» 1
  • FIMI: 2× platina
Blu celeste
«Finché non mi seppelliscono» 9
  • FIMI: Platina
«Brividi»
(med Mahmood)
2022 1
[21]
«—» markerer at songen ikkje nådde lista.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chi è Blanco: la vita del cantante de La Canzone Nostra». Red Bull (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  2. «Ma sei normale, Blanco? | Rolling Stone Italia» (på italiensk). 10. september 2021. Henta 6. februar 2022. 
  3. «Blanco e Sfera Ebbasta, il testo di Mi fai impazzire il nuovo singolo». tg24.sky.it (på italiensk). TG24 Sky. 18. juli 2021. Henta 6. februar 2022. 
  4. «Classifiche: "Mi fai impazzire" è il singolo più venduto in Italia | 4quarti» (på italiensk). 26. juli 2021. Henta 6. februar 2022. 
  5. «Festival di Sanremo 2022: tutti in cerca di musica leggerissima». Rockol (på italiensk). 14. januar 2022. Henta 6. februar 2022. 
  6. Borioni, Benedetta (22. juni 2020). «Se ti chiedi come sarà il rap italiano di domani, in questo singolo c'è una possibile risposta». i-D (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  7. ExitWell (18. juni 2021). «BLANCO e Sfera Ebbasta fuori con "Mi fai impazzire"». ExitWell (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  8. «Blanco pubblica Belladonna (Adieu)». lacasadelrap.com (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  9. «Classifiche - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  10. «Richiedi targhetta». www.fimi.it (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  11. «Sanremo 2022: Elisa, Morandi, Ranieri e Achille Lauro tra i big - Musica» (på italiensk). 4. desember 2021. Henta 6. februar 2022. 
  12. Digital, Redazione (2. februar 2022). «Se gli amori (gay o etero) hanno pari dignità, a Sanremo». Corriere della Sera (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  13. «Mahmood e Blanco conquistano Spotify, «Brividi» nella top 5 globale». www.ilmessaggero.it (på italiensk). 3. februar 2022. Henta 6. februar 2022. 
  14. «Classifiche - FIMI». www.fimi.it (på italiensk). Henta 6. februar 2022. 
  15. «Mahmood & Blanco win 'Festival di Sanremo' in Italy 🇮🇹». Eurovision.tv (på engelsk). 6. februar 2022. Henta 6. februar 2022. 
  16. «Mahmood & BLANCO - Italy - Turin 2022». Eurovision.tv (på engelsk). Henta 19. mai 2022. 
  17. «Italian Charts - Blanco - Albums». Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 29. september 2021. 
  18. «Discographie Blanco». swisscharts.com. Henta 29. september 2021. 
  19. «Italian Charts – Blanco – Singles». Italiancharts.com. Hung Medien. Henta 29. september 2021. 
  20. «Blanco Charts». swisscharts.com. Henta 29. september 2021. 
  21. «Top Singoli – Classifica settimanale WK 5» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. Henta 5. februar 2022.