Soldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Soldi»
Song av Mahmood
Land Italia
Språk Italiensk, arabisk
Utgjeve 6. februar 2019
Sjanger Pop, moderne R&B
Lengd 03:15
Selskap Island Records
Låtskrivar(ar) Alessandro Mahmoud, Charlie Charles og Dario Fain

«Soldi» (norsk 'pengar') er ein italiensk song som vert framført av den italienske songaren Mahmood. Han er skriven av Mahmood sjølv, saman med Charlie Charles og Dario «Dardust» Fain. Songen vart sloppen for digital nedlasting 6. februar 2019 og vann den største musikktevlinga i Italia, San Remo-festivalen, tre dagar seinare. Gjennom sigeren vart «Soldi» det italienske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv laurdag 18. mai.[1] Der enda songen på andreplass. Songen har italiensk tekst, med eit par linjer på arabisk.[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Komposisjon og oppbygging[endre | endre wikiteksten]

I eit intervju med magasinet TV Sorrisi e Canzoni fortalde Mahmood at han byrja å skrive songen medan han var saman med nokre vener.[4] Han brukte ei stund på å fullføre songen, og fekk hjelp til å utvikla sounden og komposisjonen av produsentane Dardust og Charlie Charles.[5][6] Songen har element av pop, R&B, trap og hiphop – i tillegg til inspirasjon frå arabisk musikk og marokkansk pop.[7]

«Soldi» har ikkje eit eige refreng, men er bygd opp av tre element, ifølgje den italienske musikkprodusenten Andrea Rodini. Elementa er gjentaking av ordet «soldi» ('pengar'), verset «come va» ('kva skjer?'), og dessutan lyden av klappande hender, noko Rodini skildrar som eit «kubistisk refreng».[6]

Teksta[endre | endre wikiteksten]

«Soldi» er ein sjølvbiografisk song om familien til Mahmood.[8] Mahmood er fødd og oppvaksen i Milano i Italia. Mora er sardinsk, medan faren er egyptisk og forlét familien då Mahmood var seks år.[9] Den italienske teksta omhandlar Mahmoods forhold til faren og skildrar faren som ein ljugande, sjølvmotseiande og upåliteleg far – meir oppteken av pengar enn av sin eigen familie.[10][11][12] Pengar får difor hovudskulda for at far-son-forholdet tok slutt, til sterk skilnad frå andre trap-låtar, der pengar ofte vert framstilt som det ulitmate målet i livet.[6] Mahmood sjølv forklarte at songteksta «vekkjer minne», og at «det er mykje sinne» og «sårheit» i henne.[8]

Teksta har òg ei verselinje på arabisk, som vert gjenteken to gonger. Sjølv om Mahmood sjølv ikkje snakkar arabisk, fortalde han at han framleis hugsar korleis faren ropte på han som barn. Mahmood brukte den arabiske setninga til å ta seg sjølv tilbake til eit spesifikt tidspunkt som barn.[12][13]

Sanremo og Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Mahmood under ei av prøvane i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv

San Remo-festivalen[endre | endre wikiteksten]

I desember 2018 vart Mahmood plukka ut til å delta i Sanremo Giovani, ein tv-send tevlinga for å plukka ut to nykommarar til å delta i San Remo-festivalen – den største musikktevlinga i Italia.[14] Mahmood vann sin semifinale med låten «Gioventù bruciata» og vann òg kritikarprisen.[15][16] Gjennom sigeren sikra han seg ein plass i San Remo-festivalen, der han deltok med låten «Soldi».[17]

«Soldi» vart fyrste gong framført 5. februar 2019, under det første showet i San Remo-festivalen 2019. Mahmood framførte songen med orkester, dirigert av medkomponist Dario «Dardust» Faini.[18][19] Sidan framførte han låten 8. februar i ny versjon og saman med rapparen Gué Pequeno.[20][21] «Soldi» kvalifiserte seg til finalen laurdag 9. februar, der han nådde topp tre i fyrste runde.[22] I andre og siste røysterunde slo han utfordrarane Ultimo med «I tuoi particolari» og «Musica che resta» med Il Volo.[23] Sjåarane hadde Mahmood på tredjeplass, men Mahmood sikra seg sigeren samanlagt, takka vera høge poeng frå fagjuryen. Han fekk òg Enzo Jannacci-utmerkinga for beste framføring i festivalen.[24] Men sigeren skapa debatt, blant anna fordi «Soldi» ikkje var favoritten til sjåarane, og fordi enkelte politikarar ikkje såg på Mahmood som «italiensk nok».[25][26] Til trass for dette, har «Soldi» vorte ein stor hit i Italia og nådde toppen av den italienske singellista veka etter sigeren.[27]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Som vinnar av San Remo-festivalen, tilbaud kringkastaren Rai Mahmood å representere Italia i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel. Mahmood takka ja til tilbodet og representerte dimed Italia med «Soldi» i finalen laurdag 18. mai.[28] «Soldi» enda til slutt på andreplass, 26 poeng bak vinnaren «Arcade» frå Nederland.[29][30]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Liste (2019) Høgaste

plassering

 Austerrike (Ö3 Austria Top 40)[31] 12
 Belgia, Flandern (Ultratop)[32] 50
 Belgia, Vallonia (Ultratip)[33] 18
 Estland (Eesti Tipp-40)[34] 2
 Europa Euro Digital Songs (Billboard)[35] 8
 Frankrike (SNEP)[36] 130
 Frankrike (SNEP – Nedlasting)[37] 29
 Hellas (IFPI Digital Singles)[38] 1
 Irland (IRMA)[39] 65
 Island (Tónlistinn)[40] 6
 Israel (Media Forest)[41] 2
 Italia (FIMI)[27] 1
 Kroatia (HR Top 40)[42] 38
 Luxembourg (Billboard Digital Sales)[43] 8
 Nederland (Single Top 100)[44] 16
 Noreg (VG-lista)[45] 16
 Portugal (AFP)[46] 73
 Skottland (Official Charts Company)[47] 57
 Spania (PROMUSICAE)[48] 5
 Storbritannia (UK Singles Chart)[49] 73
 Sveits (Schweizer Hitparade)[50] 5
 Sverige (Sverigetopplistan)[51] 8
 Tyskland (Offizielle Deutsche Charts)[52] 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Italy: Mahmood confirms - he WILL represent Italy at Eurovision 2019» (på engelsk). 12. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  2. Farren, Neil (10. februar 2019). «Italy: Mahmood to Eurovision 2019» (på engelsk). Henta 10. februar 2019. 
  3. «Sanremo 2019: Il melting pot di Mahmood» (på engelsk). Arkivert frå originalen 9. februar 2019. Henta 10. februar 2019. 
  4. «Sanremo 2019, intervista a Mahmood: Il cast di quest'anno è molto originale». TV Sorrisi e Canzoni (på italiensk). 31. januar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  5. «Mahmood, ecco il significato del testo di Soldi: Racconta la storia di una famiglia non tradizionale». Il Fatto Quotidiano. 10. februar 2019. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Andrea Rodini (11. februar 2019). «Mahmood e Soldi: l’analisi della canzone, di Andrea Rodini» (på italiensk). Rockol.it. Henta 12. februar 2019. 
  7. «Sanremo 2019: tutti i testi delle 24 canzoni in gara». TV Sorrisi e Canzoni (på italiensk). 5. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  8. 8,0 8,1 «Sanremo, Mahmood: Soldi canzone autobiografica piena di rabbia». Il Sole 24 Ore (på italiensk). 11. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  9. Mary Adorno (7. februar 2019). «Mahmood, il testo di Soldi, la canzone che parla di ricordi e ti fa sentire dentro un film». Cosmopolitan (på italiensk). Henta 12. februar 2019. 
  10. Antonella Nesi (11. februar 2019). «Inviata Adnkronos: Perché ho votato Mahmood» (på italiensk). Adnkronos. Henta 12. februar 2019. 
  11. «Mahmood: Soldi lyrics and English translation (Italy's Eurovision song)» (på engelsk). 11. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  12. 12,0 12,1 «Italy: "Soldi" Talks Of How Money Can Change Relationships Within A Family» (på engelsk). 10. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  13. «Sanremo 2019, Mahmood: ecco testo e significato di Soldi, la canzone vincitrice». Il Messaggero (på italiensk). 10. februar 2019. Henta 12. februar 2019. 
  14. «Sanremo Giovani 2019, ecco i 24 cantanti selezionati per la finale: tanti ex dei talent». La Stampa. 27. november 2018. Henta 16. februar 2019. 
  15. «Sanremo Giovani, Mahmood vince la seconda finale e va in gara tra i big. A lui anche il Premio della Critica. La classifica» (på italiensk). Rockol.it. 22. desember 2018. Henta 16. februar 2019. 
  16. Giuseppe Candela (22. desember 2018). «Sanremo giovani, Mahmood è il vincitore della seconda serata. Ecco il cast completo di Sanremo 2019». Il Fatto Quotidiano (på italiensk). Henta 16. februar 2019. 
  17. «Sanremo 2019: duetti, ospiti e ultime notizie dal Festival». TV Sorrisi e Canzoni (på italiensk). 8. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  18. «Mahmood vince Sanremo 2019, l'ascolano Dario Faini ha scritto la canzone». Il Resto Del Carlino (på italiensk). 10. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  19. «Sanremo 2019, la cronaca della prima serata». Rolling Stone (på italiensk). 5. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  20. Alessandra Vitali (8. februar 2019). «Sanremo, la quarta serata è dei duetti. Con Ligabue l'Ariston è rock, Anastasio canta gli sdraiati». la Repubblica (på italiensk). Henta 16. februar 2019. 
  21. «Sanremo 2019, terza serata: date la conduzione del Festival alla Vanoni, gli Zen Circus spaccano» (på italiensk). Rockol.it. 7. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  22. «Classifiche Sanremo 2019» (PDF) (på italiensk). RAI. 
  23. Alberto Mattioli (10. februar 2019). «Mahmood vince il Festival di Sanremo, sul podio Ultimo e Il Volo». La Stampa (på italiensk). Henta 16. februar 2019. 
  24. «Sanremo 2019, il Premio Enzo Jannacci assegnato da Nuovoimaie a Mahmood» (på italiensk). Rockol. 8. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  25. «Opinion: In Salvini's Italy, it matters that the Eurovision rep is of Egyptian descent» (på engelsk). 12. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  26. Tjørhom, Vegard (12. februar 2019). «Italias ESC-bidrag irriterer toppolitikarar». Henta 16. februar 2019. 
  27. 27,0 27,1 «Classifica settimanale WK 7 (dal 08.02.2019 al 14.02.2019)» (på italiensk). Federazione Industria Musicale Italiana. 15. februar 2019. Henta 15. februar 2019. 
  28. «Italy: Mahmood confirms Eurovision 2019 participation with "Soldi"» (på engelsk). 12. februar 2019. Henta 16. februar 2019. 
  29. «A look at the Eurovision 2019 Grand Final and Semi-Final results». EBU. 19. mai 2019. Arkivert frå originalen 21. mai 2019. Henta 19. mai 2019. 
  30. «Eurovision 2019: This is the running order of the Grand Final!». EBU. 16. mai 2019. Henta 17. mai 2019. 
  31. «Mahmood – Soldi» (på tysk). Henta 31. mai 2019. 
  32. «Mahmood - Soldi». Henta 24. mai 2019. 
  33. «Mahmood - Soldi». Henta 24. mai 2019. 
  34. «EESTI TIPP-40 MUUSIKAS: Rammstein ja Tyler lömastasid Billie Eilishi» (på estisk). 28. mai 2019. Henta 31. mai 2019. 
  35. «Chart Search – Mahmood – Soldi – Euro Digital Song Sales». Billboard. Henta 2. juni 2019. [daud lenkje]
  36. «Top Singles (téléchargement + streaming) Semaine du 24 Mai». Henta 27. mai 2019. 
  37. «Top Singles (téléchargement) Semaine du 24 Mai». Arkivert frå originalen 5. september 2015. Henta 27. mai 2019. 
  38. «Official IFPI Charts – Digital Singles Chart (International) – Week: 20/2019». IFPI Greece. Arkivert frå originalen den 27. mai 2019. Henta 27. mai 2019. 
  39. «IRMA – Irish Recorded Music Association». Henta 24. mai 2019. 
  40. «TÓNLISTINN – LÖG | Plötutíðindi» (på engelsk). plotutidindi.is. 28. mai 2019. Arkivert frå originalen 29. mai 2019. Henta 2. juni 2019. 
  41. «Media Forest – Hitliste uke 21, 2009». Arkivert frå originalen 5. november 2016. Henta 31. mai 2019. 
  42. «ARC 100 - datum: 3. lipnja 2019. :: Hrvatski radio» (på kroatisk). Arkivert frå originalen 4. juni 2019. Henta 8. mai 2019. 
  43. «Chart Search – Mahmood – Luxembourg Digital Song Sales». Billboard. Arkivert frå originalen den 29. mai 2019. Henta 30. mai 2019.  Arkivert kopiWayback Machine.
  44. ««Soldi» – Dutch Charts». Henta 24. mai 2019. 
  45. «Mahmood» (på norsk bokmål). Henta 24. mai 2019. 
  46. «AFP, Hitliste uke 21, 2009». Henta 31. mai 2019. 
  47. «Official Scottish Singles Sales Chart Top 100 | Official Charts Company» (på engelsk). Henta 24. mai 2019. 
  48. «Top 100 Songs Weekly – Hitliste uke 21, 2009». Henta 31. mai 2019. 
  49. «MAHMOOD | full Official Chart History | Official Charts Company». Henta 24. mai 2019. 
  50. «Mahmood - Soldi - hitparade.ch». Henta 17. februar 2019. 
  51. «Sverigetopplistan» (på svensk). Henta 24. mai 2019. 
  52. «Soldi – Offizielle Deutsche Charts». GfK Entertainment. Henta 24. mai 2019.