Artisten Roxen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Roxen
Roxen - The Artist Awards 2021-01.jpg
Fødd5. januar 2000 (22 år)
FødestadCluj-Napoca
FødenamnLarisa Roxana Giurgiu
AliasRoxen
OpphavRomania
Aktiv2019–
Sjangerdeep house
PlateselskapGlobal Records
Verka somsongar

Larisa Roxana Giurgiu (fødd 5. januar 2000), kjend under artistnamnet Roxen, er ein rumensk songar. Ho vart kjend i Romania i 2019, då ho var medartist på «You Don't Love Me» av musikkprodusenten Sickotoy. Songen nådde ein tredjeplass på den rumenske radiolista og vart spelt på radio i fleire andre land. Roxen skulle ha representert Romania i Eurovision Song Contest 2020 med songen «Alcohol You», men tevlinga vart avlyst på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1] I staden fekk ho representere Romania i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amnesia».[2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Roxen vart fødd i Cluj-Napoca med fødenamnet Larisa Roxana Giurgiu. Allereie som sjuåring oppdaga Roxen ein lidenskap for musikk og deltok i fleire lokale talenttevlingar.[4][5] Etter skulegang fekk Roxen platekontrakt med Global Records, og var seinare medartist på songen «You Don't Love Me» av Sickotoy i august 2019.[6][7] Singelen fekk kommersiell suksess i Romania, og nådde tredjeplass på landet sitt Airplay 100-hitliste. Songen fekk òg speletid på radio i land som Frankrike, Russland, Spania og USA.[4]

I november same år slapp Roxen debutsingelen «Ce-ți cântă dragostea», og songen nådde 26. plass i Romania. Hovudsjangeren hennar er deep house, ein undersjanger av house.[4] Musikkjennarar samanliknar Roxen med artistar som Dua Lipa og Billie Eilish.[8]

I februar 2020 var Roxen ein av kandidatane til å representere Romania i Eurovision Song Contest 2020, etter at Televiziunea Română (TVR) hadde inngått eit samarbeid med Global Records for å finne ein artist til å representere landet.[9][10] 11. februar stadfesta kringkastaren at Roxen skulle vera den rumenske deltakaren i Eurovision Song Contest i Rotterdam i mai.[11] 1. mars 2020 framførte Roxen fem songar i ein tv-send nasjonal finale. Sjåarane og ein fagjury valde deretter «Alcohol You» som songen Roxen skulle deltake med i Rotterdam.[12][13] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[14] I staden vedtok TVR at Roxen skulle representere Romania i Eurovision Song Contest 2021 med songen «Amnesia».[2][3]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Som hovudartist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste
listeplassering
Album
ROM
«Ce-ți cântă dragostea»[15] 2019 1 Ikkje frå album
«I Don't Care»[16]
«Alcohol You» 2020
«Spune-mi» 1
«How to Break a Heart»
«Wonderland»[17]
(med Alexander Rybak)
«Parte din tine»[18]
(med DJ Project)
2021 72
«Amnesia»[19]
«—» angjev at songen ikkje nådde lista.

Som medartist[endre | endre wikiteksten]

Tittel År Høgaste

listeplassering

Album
ROM BUL
«You Don't Love Me»[7]
(Sickotoy feat. Roxen)
2019 3 7 Ikkje frå album

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. 2,0 2,1 «Eurovision 2021: Romania confirms Roxen and continued partnership with Global Records» (på engelsk). 31. mars 2020. Henta 31. mars 2020. 
  3. 3,0 3,1 «TVR a decis: Roxen va reprezenta România la Eurovision Song Contest 2021» (på rumensk). Henta 31. mars 2020. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Scutaru, Cristina (3. februar 2020). «Roxen cucerește topurile muzicale!» [Roxen attains success on music charts!] (på rumensk). DC News. Henta 5. februar 2020. 
  5. «O noua editie a Festivalului "Armonii muzicale"» [A new edition of the "Musical Harmonies" festival] (på rumensk). Zi de zi. 20. oktober 2019. Henta 11. februar 2020. 
  6. Gallagher, Robyn (1. februar 2020). «Romania: TVR confirms partnership with Global Records for internal selection of 2020 artist». Wiwibloggs. Henta 1. februar 2020. 
  7. 7,0 7,1 «You Don't Love Me (feat. Roxen) - Single by Sickotoy on iTunes». iTunes Store. 12. august 2019. Henta 5. februar 2020. 
  8. «Roxen ne spune povestea vieții ei» [Roxen tells us the story of her life]. Unica. 7. januar 2020. Henta 5. februar 2020. 
  9. Muntean, Marco (4. februar 2020). «Romania will reveal the representative on 10th February». ESCBubble. Henta 4. februar 2020. 
  10. «TVR și Global Records, parteneri pentru Eurovision Song Contest 2020» [TVR and Global Records, partners for the 2020 Eurovision Song Contest] (på rumensk). Societatea Româna de Televiziune. 31. januar 2020. Henta 31. januar 2020. 
  11. «Roxen will represent Romania at the Eurovision Song Contest 2020». EBU. 11. februar 2020. Henta 11. februar 2020. 
  12. «Roxen to sing for Romania in Rotterdam». www.eurovision.tv. 11. februar 2020. Henta 12. februar 2020. 
  13. «Romania: Alcohol You is the song for Roxen!». eurovision.tv. 1. mars 2020. Henta 1. mars 2020. 
  14. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020. 
  15. «Ce-ți cântă dragostea - Single by Roxen on iTunes». iTunes Store. 12. november 2019. Henta 5. februar 2020. 
  16. «I Don't Care - Single by Roxen on iTunes». iTunes Store. 2. desember 2019. Henta 5. februar 2020. 
  17. Stănescu, Alex (28. november 2020). «Videoclip oficial: Roxen x Alexander Rybak - Wonderland» (på rumensk). InfoMusic. Henta 4. desember 2020. 
  18. Chirilă, Raluca (29. januar 2021). «Videoclip oficial: DJ Project x Roxen - Parte din tine» (på rumensk). InfoMusic. Henta 29. januar 2021. 
  19. «‎Amnesia - Single by Roxen». Apple Music. 4. mars 2021. Henta 4. mars 2021.