Asbjørn Aarseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjå også: litteraturforskaren Asbjørn Aarnes (1923-2013).

Asbjørn Kristen Aarseth (fødd 21. oktober 1935 på Inderøy, død 31. august 2009) [1] var professor emeritus i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Asbjørn Aarseth var presteson og voks opp dels på Inderøy, dels på Fjelberg i Sunnhordland samt Aurland i Sogn og Fjordane. Etter artium frå Firda gymnas i Sandane, tok han til å studera litteratur, fransk og historie ved Universitetet i Oslo. Han var utvekslingsstudent til Kansas eitt år før han heldt fram studia ved UiB der han tok magistergrad i litteraturvitskap. Aarseth var den fyrste som fekk fast stilling innan allmenn litteraturvitskap ved UiB, og heldt denne stillinga fram til han vart utnemnt til professor i nordisk litteratur i 1985.

Aarseth hadde stor interesse for forfattarskapen til Henrik Ibsen, og skreiv mykje faglitteratur om han, særleg om dramaet Peer Gynt. Han var inspirert av nykritikken, og kritiserte gjerne periodeomgrep som romantikken og realismen ved å argumentera for at ein gjerne deler inn dei litteraturhistoriske epokane i meir kontrastive periodar enn dei faktisk var. Dette synet kjem fram i verktitlar som Realismen som myte. Tradisjonskritiske studier i norsk litteraturhistorie. (1981), og Romantikken som konstruksjon. Tradisjonskritiske studier i nordisk litteraturhistorie. (1985). I den sistnemnte boka går Aarseth gjennom dei epokane som tradisjonelt har vorte kalla realisme og naturalisme og erstattar periodenamna med eit nyansert romantikk-omgrep.

Frå 1986 var han redaktør av bladet Edda. Ti år seinare, i 1996, vart han medlem av Det Norske Videnskaps-Akademi, utnemnt til professor II i litteraturvitskap ved NTNU [2] og engasjert ved Senter for Ibsen-studier ved Universitetet i Oslo. Denne stillinga hadde han fram til 2001. Aarseth var ei av drivkreftene til prosjektet Henrik Ibsens skrifter. I 2005 gjekk Asbjørn Aarseth av med pensjon, men han heldt fram med Henrik Ibsens skrifter heilt fram til han gjekk bort i 2009.

Viktige publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

[3]

  • Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. (med Atle Kittang). Oslo: Universitetsforlaget, 1968.
  • Dyret i Mennesket: Et bidrag til tolking av Henrik Ibsens «Peer Gynt». Oslo: Universitetsforlaget, 1975.
  • Episke strukturer. Innføring i anvendt litteraturteori. Oslo: Universitetsforlaget, 1979.
  • Realismen som myte: Tradisjonskritiske studier i norsk litteraturhistorie. Oslo: Universitetsforlaget, 1981.
  • Romantikken som konstruksjon: Tradisjonskritiske studier i nordisk litteraturhistorie.' Oslo: Universitetsforlaget, 1985.
  • Ibsens samtidsskuespill. En studie i glasskapets dramaturgi. Oslo: Universitetsforlaget, 1999.
  • Klassisk litteraturteori. En antologi. (med Atle Kittang og Eiliv Eide.) Oslo: Universitetsforlaget, 2007.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]