Atle Kittang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Atle Kittang (fødd 20. mars 1941 på Kinn, død 1. juni 2013) var ein norsk forfattar, litteraturteoretikar, litteraturforskar og professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke artium i 1960, tok Atle Kittang til å studera ved Universitetet i Bergen. I 1966 fullførte han magistergrad i litteraturvitskap med delstudie innan tysk og fransk. Magisteravhandlinga kom ut på fransk og handla om den surrealistiske kjærleiksdiktinga hans Paul Éluard. Dei neste fire åra jobba han ved universitetet som stipendiat før han blei universitetslektor i fransk litteratur i byrjinga av 1970-talet, stadig ved UiB. Samtidig var han engasjert i doktorgradsavhandlinga si innan fransk litteratur, som handla om den franske lyrikaren Arthur Rimbaud og låg ferdig, på fransk, i 1973. Då det hadde vorte skipa eit nytt, eige institutt for litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen i 1974, vart Atle Kittang tilsett som den fyrste professoren innan faget [1], ei stilling han blei verande i til han gjekk av for aldersgrensa i 2011. [2] I tillegg hadde han ei rekkje høgtståande verv, m.a. prodekanus ved det historisk-filosofiske fakultetet 1983-1985, og medlem i fleire ulike råd innan humanistisk forsking. Kittang var også professor II i litteraturvitskap ved NTNU, og professor II ved Ibsen-senteretUniversitetet i Oslo. [3] Ifylgje vener og kollegaer ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studie ved UiB var det ingen norsk litteraturforskar som hadde vore opponent ved så mange doktordisputasar som Kittang, bortsett frå professor Francis Bull. [4]

Atle Kittang døydde i juni 2013 etter lengre tids sjukdom.

Forfattarskap[endre | endre wikiteksten]

Som litteraturforskar hadde Atle Kittang m.a. interesse for norsk og fransk lyrikk, romanteori og -analyse, særleg innanfor skrivinga til Knut Hamsun, Honoré de Balzac og André Breton, og dramaanalyse, der han tok for seg Henrik Ibsen.

Saman med Asbjørn Aarseth gav Atle Kittang ut Lyriske strukturer. Innføring i diktanalyse. i 1968. Denne har vorte ei svært viktig teoribok for norske litteraturstudentar fram til i dag. Kittang har seinare skrive mykje litteraturteori om kjende forfattarar, både norske og europeiske. Ei av hans viktigaste utgjevingar, Luft, vind, ingenting (1984), tok for seg forfattarskapen til Knut Hamsun og analyserte ideologien i hans romanar på ein kontroversiell måte. Kritikarane meinte at Kittang bortforklåra ideologien i romanane, sjølv om alle måtte medgje at Kittangs observasjonar var skarpe. I Sigmund Freud (1997), gjekk han gjennom verksemda til Sigmund Freud frå ståstaden til ein litteraturvitar. Så, i 2002 kom den store Ibsen-avhandlinga hans ut: Ibsens heroisme; frå Brand til Når vi døde vågner. [5] Det siste verket Kittang rakk å gje ut, var Poesiens hemmelege liv (2012) der han tolka både ny og gamal lyrikk. [6]

[7]

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1969 – D'amour de poésie : essai sur l'univers des métaphores dans l'oeuvre surréaliste de Paul Éluard (mag.avh., UiB), 1969. (Bergen: Universitetet i Bergen)  [Mag.avhandling]
  • 1975 – Discours et jeu : essais d'analyse des textes d'Arthur Rimbaud (Bergen: Universitetet i Bergen)  [Doktoravhandling]
  • 1976 – Lyriske strukturer : innføring i diktanalyse (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200050270 Les boka her  [Av Atle Kittang og Asbjørn Aarseth]
  • 1982 – Litteraturforskning og litteraturformidling : perspektiv på ei legitimeringskrise (Bergen: Universitetsforlaget) . ISBN 8200060225 Les boka her
  • 2002 – Ibsens heroisme : frå Brand til Når vi døde vågner (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-30633-8
  • 2002 – Sju artiklar om litteraturvitskap : i går, i dag og (kanskje) i morgon (Oslo: Gyldendal) . ISBN 82-05-27816-4

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]