Askvoll-Fure-Værlandet
Askvoll-Fure-Værlandet | |||
Rutenummer | 1141 (Skyss) | ||
---|---|---|---|
Trasé | Askvoll-Fure-Værlandet | ||
Ruteform | Trekantsamband | ||
Rutenett | Fylkesvegferjer i Vestland | ||
Forvaltar | Skyss | ||
Trafikkselskap | Fjord 1 Fylkesbaatane | ||
Oppretta | 1989 | ||
Tidlegare trasé | Askvoll-Fure-Værlandet-Bulandet | ||
ferjesambandet Askvoll–Gjervik–Fure–Værlandet 61°18′30″N 4°55′00″E / 61.308333333333°N 4.9166666666667°E |
Askvoll-Fure-Værlandet er eit ferjesamband over Vilnesfjorden og Aldefjorden mellom Askvoll og Værlandet i Askvoll kommune. Mange av turane går innom Fure, men ofte må avgangane til og frå Fure førehandstingast, sjå Skyss.
Strekninga Askvoll ferjekai - Fure ferjekai - Værlandet ferjekai inngår i fylkesveg 5655 medan direkteruta Askvoll - Værlandet inngår i fylkesveg 5662. Sambandet er operert av Fjord1 med ferja MF «Nordfjord».
Ferjesambandet vart til i 1989 mellom Askvoll, Værlandet og Bulandet, og i samband med dette vart det bygd nye ferjekaier på Værlandet og Bulandet for å ta i mot havferjene «Nesøy» og «Værøy». Avgangen til Bulandet vart ofte innstilt grunna uvêr. I 2003 opna Nordsjøvegen - ny fylkesveg som knytte Bulandet til Værlandet og Værlandet ferjekai. Med dette vart Bulandet ferjekai sløyfa frå ferjesambandet.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Hermund Kleppa: «Fylkesbaatane – om rutetrafikken til Bulandet» på nettstaden til Fylkesarkivet i VestlandDenne samfunnsartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.