Vilnesfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°18′39″N 5°4′37″E

Utsikt sørvestover frå Fristadfjellet i Askvoll. Øya midt i biletet er Prestøyna, til høgre for henne ligg nokre mindre øyer og Atløy, og utom øyene går Vilnesfjorden med Fjaler på hi sida.
Foto: Egil Husabø

Vilnesfjorden er den ytre delen av Dalsfjorden i Sogn og Fjordane i kommuane Fjaler og Askvoll. Han er ei fortsetjing av Buefjorden og strekkjer seg om lag 15 km austover.

Ferja på veg inn til kaien på Fure
Foto: Egil Husabø

Fjorden har innløp ved øya Lammetu i sør og Ørnetuva ved grenda Vilnes, som fjorden er kalla opp etter, i nord. Grenda Grytøyra ligg på sørsida av fjorden ved Furnes og den 2 km lang Furevågen. Litt lenger inn i fjorden ligg neset Kysneset med bukta Gjølangen på austsida. Inst i Gjølangen ligg grenda Gjølanger.

Den ytste delen av fjorden ligg på sørsida av Atløy. Mellom Atløy og fastlandet ligg Granesundet som strekkjer seg nord til Stongfjorden. På vestsida av Granesundet ligg Askvika ved tettstaden og kommunesenteret Askvoll. Frå Askvoll går det tre ferjesamband. Eitt til Fure på sørsida av Vilnesfjorden, eitt til Atløy og eitt til Værlandet. I tillegg går det ferje frå Fure til både Atløy og Værlandet. Ved Ytre Åsnes endar Vilnesfjorden og Dalsfjorden held fram vidare innover i landet.