Askvoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For kommunen med same namn, sjå Askvoll kommune.
Askvoll
tettstad
none  Askvoll Foto: Egil Husabø
Askvoll
Foto: Egil Husabø
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Askvoll
Areal 0,75 km²
Folketal 656 (2015)
Folketettleik 875 / km²
Postnummer 6980 ASKVOLL
Preposisjon i Askvoll
Wikimedia Commons: Askvoll (village)

Askvoll er kommunesenteret i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane fylke. Tettstaden har 656 innbyggjarar per 1. januar 2015, og ligg på nordsida av Vilnesfjorden.

I Askvoll ligg kommuneadministrasjonen og barne- og ungdomsskule, i tillegg til lensmannskontor, tannlækjeteneste, sjukeheim, veterinær og NAV-kontor. Staden har også ymse butikkar, hotel, bank og apotek. Her ligg også Askvoll kyrkje frå 1863, og Askvoll har vore kyrkjestad sidan mellomalderen.

Frå Askvoll er det vegsamband via Riksveg 608 til Riksveg 609 som går mellom Førde langs sørsida av Førdefjorden og til Dale i Fjaler kommune langs nordsida av Dalsfjorden og med ferje frå Eikenes, og via Fv362 nordover på Askvollhalvøya. Det er også ferjesamband til Fure i Fjaler kommune på sørsida av Vilnesfjorden og til øyene Værlandet og Atløy lenger vest i Askvoll kommune.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]