Hopp til innhald

Aslaug Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aslaug Holm

StatsborgarskapNoreg
Fødd26. februar 1965 (61 år)
Smøla kommune
Yrkefilmregissør, filmklyppar, filmfotograf, manusforfattar
EktefelleTore Buvarp
Aslaug Holm på Commons

Aslaug Holm (fødd 1965) er ein norsk dokumentarfilmskapar frå Smøla på Nordmøre.

Aslaug Holm har vore tilknytt dokumentarfilmselskapet Fenris Film sidan oppstarten i 1992. Ektemannen hennar, Tore Buvarp, arbeider også med film, og dei to har samarbeidd med filmproduksjonar.

Aslaug Holm var fotograf og klippar på filmen Heftig og begeistret (2001), filmen om kormiljøet i Berlevåg i Finnmark. Ho er også kjend for dokumentaren Oljeberget, som skildrar Jens Stoltenberg og det norske samfunnet som verdas rikaste land. I 2008 produserte ho To brødre, ein dokumentarfilm om oppveksten til hennar eigne søner på sju og ti år.

Produksjonar i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • 1995: Bak din rygg (regi)
  • 2001: Heftig og begeistret (klipp, regi og foto)
  • 2005: Alt for Norge (regi)
  • 2006: Oljeberget (regi)
  • 2008: To brødre (regi)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]