Jens Stoltenberg
Jens Stoltenberg | |
Jens Stoltenberg
Foto: Harry Wad (2007) | |
Fødd | 16. mars 1959 (61 år) |
---|---|
Parti | Arbeidarpartiet |
1. verv | Statsminister i Noreg |
- periode | 2005–2013 |
- regjering | Stoltenberg II |
- føregangar | Kjell Magne Bondevik |
- etterfylgjar | Erna Solberg |
2. verv | Leiar for Arbeidarpartiet |
- periode | 2002–2014 |
- etterfylgjar | Jonas Gahr Støre |
3. verv | Statsminister i Noreg |
- periode | 2000–2001 |
- regjering | Stoltenberg I |
- etterfylgjar | Kjell Magne Bondevik |
4. verv | Norsk finansminister |
- periode | 1996–1997 |
- regjering | Jagland I |
- etterfylgjar | Gudmund Restad |
5. verv | Norsk nærings- og energiminister |
- periode | 1993–1996 |
- regjering | Brundtland III |
- etterfylgjar | Grete Faremo |
6. verv | Leiar for Arbeidaranes Ungdomsfylking |
- periode | 1985–1989 |
- etterfylgjar | Turid Birkeland |
7. verv | Generalsekretær i Nato |
- periode | 2014– |
Ektefelle | Ingrid Schulerud |
Jens Stoltenberg (fødd 16. mars 1959 i Oslo) er ein tidlegare norsk politikar og gjeldande generalsekretær i Nato. Han har vore norsk statsminister to gonger og partileiar for Arbeidarpartiet. Dessutan har han vore finansminister, nærings- og energiminister og statssekretær i Miljøverndepartementet.
Stoltenberg gjekk av etter åtte år som statsminister hausten 2013. 1. oktober 2014 gjekk Stoltenberg inn i stillinga som generalsekretær i Nato.
Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]
Stoltenberg blei norsk statsminister den 17. oktober 2005 som leiar for andre Stoltenbergregjeringa. Han var tidlegare statsminister frå 17. mars 2000 til 19. oktober 2001 i regjeringa Stoltenberg I. Kjell Magne Bondevik etterfylgde Stoltenberg som statsminister i 2001, medan Stoltenberg i sin tur etterfylgde Bondevik i 2000 og 2005.
Jens Stoltenberg er òg leiar av Arbeiderpartiet, eit verv han overtok etter Thorbjørn Jagland i november 2002. Frå 1992 hadde han vore fyrste nestleiar i Ap. Han har vore finansminister (1996-1997), nærings- og energiminister (1993-1996) og statssekretær i Miljøverndepartementet (1990-1991).[1]
Han er den fyrste norske statsministeren nokonsinne som har vitja Sørpolen. Dette skjedde i 2011, då han skulle vere med og markere 100-årsjubileet for Roald Amundsen sin ankomst til Sørpolen.
Personleg[endre | endre wikiteksten]
Stoltenberg vart fødd i Oslo som son av tidlegare utanriksminister Thorvald Stoltenberg og tidlegare statssekretær Karin Stoltenberg. Han er utdanna sosialøkonom, gift og har to barn.
Sjå òg[endre | endre wikiteksten]
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
Fotnotar[endre | endre wikiteksten]
- Einskildmenn
- Fødde i 1959
- Generalsekretærar i NATO
- Regjeringa Stoltenberg I
- Regjeringa Stoltenberg II
- Norske statsministrar
- Norske nærings- og energiministrar
- Norske finansministrar
- Statsrådar i Regjeringa Brundtland III
- Statsrådar i Regjeringa Jagland
- Ap-statsrådar
- Statssekretærar i Regjeringa Brundtland III
- Statssekretærar frå Ap
- Leiarar for Arbeidarpartiet
- Leiarar i AUF
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar for Oslo
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Stortingsrepresentantar 2001-2005
- Stortingsrepresentantar 2005-2009
- Stortingsrepresentantar 2009-2013
- Stortingsrepresentantar 2013-2017
- Folk frå Oslo