Berlevåg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Berlevåg
tettstad
Berlevåg.jpg
Berlevåg

Foto: Gunleiv Hadland

Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Berlevåg
Areal 0,7 km²
Folketal 948 (2017)
Folketettleik 1 354 / km²
Postnummer 9980 BERLEVÅG
Innbyggjarnamn berlevåging
Wikimedia Commons: Berlevåg (village)

Berlevåg er ein tettstad, eit fiskevær og administrasjonssenteret i Berlevåg kommune i Finnmark. Tettstaden ligg på nordkysten av Varangerhalvøya ved Barentshavet, inst i ei havbukt ved utløpet av Storelva. Folketalet i Berlevåg er 948 innbyggjarar per 1. januar 2017, som utgjer det aller meste av folketalet i kommunen.[1]

Hurtigruta går innom Berlevåg. Berlevåg lufthavn har daglege avgangar til Hammerfest og Tromsø, i tillegg til Vadsø og Kirkenes. Dei viktigaste næringsvegane er fiske, fiskeforedling, handel, og offentleg og privat tenesteyting.
Frå 1913 til 1975 blei det bygd heile fire moloar for å verne hamna mot bølgjene frå Nordishavet. Etter ein storstorm i 1959 som raserte halvparten av Svartoksenmoloen blei det teke i bruk tetrapodar som ytterdekke på dei to ytste lange moloane.

Då tyskarane trekte seg attende på slutten av andre verdskrigen (frå september 1944 til februar 1945) brukte dei brent jord-taktikk og alle bygningar i Berlevåg blei brent ned. Berlevåg blei landskjend då filmen Heftig og begeistret som handlar om Berlevåg mannssangforening, fekk stor suksess i 2001. Berlevåg er også kjend frå Karen Blixens roman Babettes gjestebud.

Moloutbygging[endre | endre wikiteksten]

  • Varnesmoloen blei bygd mellom 1910-1926.
  • Svartoksmoloen blei bygd mellom 1920-1963.
  • Revnesmoloen blei bygd mellom 1964-1974.
  • Varnesmoloen stod ferdig i 1970.
  • Dampskipskaia stod også ferdig i 1974.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Berlevåg». Store norske leksikon. 26. oktober 2017. Henta 1. mars 2017.