Hopp til innhald

Aspøya i Tingvoll

Aspøya
Aspøya sett frå Torvikbukt
Aspøya sett frå Torvikbukt
Geografi
StadNordmøre
Koordinatar63°01′07″N 07°56′20″E / 63.01861°N 7.93889°E / 63.01861; 7.93889
Areal18,84 km²
Høgaste punktVettafjellet (372 moh.)
Administrasjon
LandNoreg Noreg
FylkeMøre og Romsdal
Demografi
Folketal376 (2024)
Folketettleik20,0 /km²

Aspøya er ei øy og ei bygd i Tingvoll kommuneNordmøre. Øya har eit areal på 20 km² og 376 innbyggjarar (2024).

Riksveg 70 og Europaveg 39 følgjer same trasé over Aspøya frå Straumsnes, over Aspøya via Bergsøysundbrua til Bergsøya, og gjev ferjefri veg til Molde. Bergsøysundbrua er ein del av Krifast.

Aspa-ætta, som mellom anna fostra erkebiskop Olav Trondsson, hadde hovudsete på gardane Aspa og Boksaspa i mellomalderen.

Folketalsutvikling

1801[1] 1900[2][3] 2000[4] 2024[4]
210 315 220 376

Før 1964 var øya delt mellom Frei kommune og Straumsnes kommune. Sidan 1964 har ho vore del av Tingvoll.