Astrid Lødemel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Astrid Lødemel
Fødd 9. desember 1971
Oslo
Yrke skiløper, alpinist

Astrid Lødemel (fødd 9. desember 1971) er ein norsk tidlegare skirennar frå Voss som tok to medaljar under VM i alpine greiner 1993, ein sølv i utfor og ein bronse i super-g. Ho var medlem av Voss Idrottslag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Lødemel deltok i vinter-OL 1992 og kom på 15. plass i utfor. Ho fekk sitt gjennombrot då ho suste inn til andreplass i eit verdscuprenn i super-G i Vail i USA 13. desember 1992, to hundredelar etter vinnaren, Ulrike Maier frå Austerrike. Under VM 1993 i Morioka i Japan lukkast Lødemel overmåte godt. 11. februar vann ho sølvmedaljen i utfor etter Kate Pace frå Canada, og tre dagar seinare vann ho bronsemedaljen i super-G etter verdsmeister Katja Seizinger og Sylvia Eder. Den 3. mars same året kom Lødemel inn på tredjeplass i eit verdscuprenn i utfor i Morzine i Frankrike.

Etter eit par fine plasseringar i verdscuprenn i november/desember 1993 vart Lødemel skadd i eit kne, og resten av OL-sesongen gjekk fløyten. Ho kom tilbake til neste skisesong og fekk som best ein fjerdeplass i verdscupen, oppnådd i eit utforrenn i Haus im Ennstal i Austerrike på nyåret 1995. Ved sesongslutt 1995 valde ho å leggje opp, då kneskaden hemma henne mykje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.