Katja Seizinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Katja Seizinger
Stamp of Azerbaijan 302.jpg
Fødd 10. mai 1972
Datteln
Katja Seizinger på Commons

Katja Seizinger (fødd 10. mai 1972) er ein tysk tidlegare alpinist, fødd i Datteln i Nordrhein-Westfalen, som vann verdscupen i alpine greiner i 1996 og 1998. Ho vann eitt VM-gull i 1993 og til saman tre OL-gull i 1994 og 1998. Mellom 1992 og 1998 sikra ho seg ni medaljar (4-3-2) i dei store internasjonale meisterskapane.

Seizinger var i sju sesongar på rad, 1992-98, alltid ein av dei tre beste kvinnelege alpinistane i verdscupen i alpine greiner. To gongar vart ho nummer tre (1992 og -94), tre gongar nummer to (1993, -95 og -97) og to gongar vann ho (1996 og -98). Fire sesongar, 1992-94 og 1998, vann ho utfor-pokalen, og fem gongar vann ho super-G-pokalen; 1993-96 og 1998. Mellom desember 1991 og januar 1998 vann Seizinger totalt 36 renn i verdscupen; 16 i utfor, 16 i super-G og fire i storslalåm. Vreni Schneider frå Sveits, Pernilla Wiberg frå Sverige, Anita Wachter frå Austerrike og landskvinna Martina Ertl var hennar hardaste konkurrentar.

Seizinger tok bronsemedaljen super-G-tevlinga under Vinter-OL 1992 i Albertville. Vinteren etter vart ho verdsmeister i same øvinga under VM i Morioka i Japan. Under vinterleikaneLillehammer i 1994 vann ho gullmedaljen i utforrennet. I spanske Sierra Nevada kapra ho sølvmedaljen i VM-utforen. Nye sølvmedaljar vann ho både i super-G og i kombinasjonen under VM 1997 i Sestriere. Under Vinter-OL 1998 i Nagano sikra ho gullmedaljar i utfor og i kombinasjonen, samt bronse i storslalåm.

Ho la opp etter 1998-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar