Astronomer Royal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
John Flamsteed var den første Astronomer Royal.

Astronomar Royal er eit embete i det kongelege hushaldet i Storbritannia. Det finst to embetsinnehavarar, ein Astronomar Royal og ein Astronomar Royal for Scotland.

Embetet vart oppretta av Karl II av England den 22. juni 1675. Han hadde den 4. mars same år utnemnt John Flamsteed til «Kongens astronomiske observatør», og i juni beordra han bygginga av Royal Observatory Greenwich og oppretta det nye embetet formelt. Det skotske embetet vart oppretta i 1834.[1]

Fram til 1972 var Astronomar Royal ex officio direktør for Royal Observatory Greenwich. Han får eit stipend på 100 pund i året; ein betydeleg sum då Flamsteed vart utnemnt men no berre ein symbolsk sum. Etter at ein fjerna direktørstillinga frå embetet har det først og fremst vore eit æresembete, rett nok med svært høg prestisje som vert tildelt den fremste britiske astronomen.

Det fanst tidlegare òg ein Royal Astronomar of Ireland.

Liste over Astronomers Royal[endre | endre wikiteksten]

John Flamsteed 1675–1719
Edmond Halley 1720–1742
James Bradley 1742–1762
Nathaniel Bliss 1762–1764
Nevil Maskelyne 1765–1811
John Pond 1811–1835
Sir George Biddell Airy 1835–1881
Sir William Christie 1881–1910
Sir Frank Dyson 1910–1933
Sir Harold Spencer Jones 1933–1955
Sir Richard van der Riet Woolley 1956–1971
Sir Martin Ryle 1972–1982
Sir Francis Graham-Smith 1982–1990
Sir Arnold Wolfendale 1991–1995
Martin Rees, Baron Rees of Ludlow 1995–

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Astronomer Royal». The British Monarchy. Royal Household. Arkivert frå originalen 2016-03-08. Henta 23. juni 2017.