Martin Ryle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Martin Ryle
Fødd 27. mars 1918
Brighton i England
Død 14. oktober 1984 (66 år)
Cambridge i England
Nasjonalitet Britisk
Yrke astronom, fysikar
Alma mater Christ Church College
Trinity College i Cambridge
Bradfield College
Doktorgradsrettleiar J. A. Ratcliffe
Kjend for Radioastronomi
Medlem Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina
Royal Society

Martin Ryle (27. september 191820. oktober 1984 ) var ein britisk fysikar og nobelprisvinnar. Ryle og landsmannen Antony Hewish mottok Nobelprisen i fysikk i 1974 «for banebrytande arbeid innan radioastrofysikken: Ryle for observasjonane og oppfinningane sine, særskild apertursynteseteknikken, og Hewish for innsatsen sin ved oppdaginga av pulsarane».

Etter å ha teke ein fysikkgrad ved University of Oxford i 1939 jobba Ryle ved Telecommunications Research Establishment med design av antenner for flygande radarutstyr under andre verdskrigen. Etter krigen vart han partnar ved the Cavendish Laboratory. Ryle var direktør for Mullard Radio Astronomi Observatory i Cambridge, og frå 1958 professor i radioastronomi ved Cambridge University. Han var Astronomer Royal 1972–1982.

Fokuset i hans tidlege arbeid ved Cambridge var på radiobølgjer frå sola. Ryle si interesse flytta seg derimot raskt til andre område og å utforske dei han tidleg bestemte at Cambridge-gruppa skulle utvikle nye observasjonsteknikkar for. Som eit resultat vart Ryle drivkrafta i etableringa og forbetringa av astronomisk interferometri og apertursyntese som har medverka til å oppgradere kvaliteten på radioastronomiske data.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]