John Flamsteed
Utsjånad
| John Flamsteed | |||
| | |||
| Fødd | 19. august 1646 Denby, Derbyshire, England | ||
|---|---|---|---|
| Død | 31. desember 1719 (alder 73) Burstow, Surrey, England | ||
| Nasjonalitet | engelsk | ||
| Område | Astronomi | ||
| Yrke | astronom | ||
| Institusjonar | Greenwich-observatoriet | ||
| Alma mater | Jesus College i Cambridge | ||
| Kjend for | Første Astronomer Royal | ||
| Influerte | Joseph Crosthwait Abraham Sharp | ||
| Ektefelle | Margaret Flamsteed | ||
| Medlem | Royal Society | ||
John Flamsteed (19. august 1646–31. desember 1719) var ein engelsk astronom og første Astronomer Royal. Han katalogiserte 3000 stjerner.[1] Han gjorde Karl II merksam på at ein trong nye og gode observasojnar, særskild til bruk ved å finne lengde- og breiddegrader til sjøs, og dette førte til opprettinga av Greenwich-observatoriet (1675). Flamsteed vart den første sjefen for observatoriet (Astronomer Royal 1676–1719). Han kombinerte kikkert med måleinstrument, og brukte nesten 30 år på å samle observasjonar, aleine og under vanskelege forhold. Materialet vart nytta til utarbeiding av ein stor stjernekatalog, Historia Coelestis Britannica (1712, 1725), og eit stjerneatlas, Atlas Coelestis (1729).
Prisar og oppkallingar
[endre | endre wikiteksten]- Medlem av Royal Society (1676)
- Flamsteed Astronomi Society er kalla opp etter den første Astronomer Royal
- Krateret Flamsteed på månen er kalla opp etter han.
- Asteroiden 4987 Flamsteed.
- Fleire skular og høgskular i Derbyshire er namnsett etter han.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Robert Chambers, Book of Days
- «John Flamsteed», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 1. august 2014