Asurara

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asurara

Status i verda: CR Kritisk truga

Asurara, Anodorhynchus glaucus, illustasjon av Bourjot Saint-Hilaire, 1800-talet
Asurara, Anodorhynchus glaucus, illustasjon av Bourjot Saint-Hilaire, 1800-talet

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Psittaciformes
Familie: Psittacidae
Slekt: Anodorhynchus
Art: A. glaucus
Namn på andre språk
  • Engelsk: Glaucous macaw
  • Vitskapleg namn
    Anodorhynchus glaucus

    Asurara (Anodorhynchus glaucus) er ein stor, heilblå søramerikansk papegøye. Han er ein av tre nokså likt blåfarga artar i den biologiske slekta Anodorhynchus.[1] Arten er klassifisert som strekt truga, moglegvis utdøydd, og var vanleg i utbreiingsområdet i sørlege Sør-Amerika fram til midten av 1800-talet.

    Epitetet glaucus i det vitskapelege namnet er skildrande for farga, det er frå gresk glaukos og tyder 'gråblå'.[2] I språket guaraní er nemninga guaa-obi, guaa er lydhermande og brukast om 'ara'-papegøyar, obi skildrar fargegradienten frå blå til grøn.[3]

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Asuraraer er 70-72 centimeter i kroppslengd. Fjørdrakta er bleik turkisblå, hovudet meir gråaktig. Halen er lang og nebbet stort og kraftig. Han har ein gul, berr augering og halvmåneforma gul, hudlapp som grenser til underkjeven.[4]

    Denne fuglen levde i nordlegaste Argentina, over grensa til sørlege Paraguay, nordaustlege Uruguay og inn i Brasil. Storleiken på populasjonen gjekk ned gjennom 1800-talet på grunn av fangst og tap av habitat, og det finst berre to observasjonar av ville fuglar frå 1900-talet.[5] Ekspedisjonar av ornitologar til sørvestre Paraguay i løpet av 1990-talet klarte ikkje å skaffe noko bevis for arten. Vidare var det berre dei eldste innbyggarane i regionen som hadde kunnskap om asurara, med arten sist registrert i 1870-åra. Forsvinninga til arten er sannsynlegvis knytt til fangst av levande vaksne for burfuglhandelen og til felling av palmearten, Butia yatay, der nøttene ser ut til å ha utgjort hovudføda. Rydding av palmar skjedde i samband med bureising med storfedrift.[3] Sjølv om det framleis er passande habitat i El Palmar nasjonalpark i den argentinske provinsen Entre Ríos, så vel som Sør-Brasil, har ingen rykte om eksistens av ville asuraraer dei siste tiåra vist seg å vere truverdige.

    Det finst lite informasjon om habitat og levevis for arten, bortsett frå sambindinga med palmearten. Arten vart observert langs elver, men om ein trudde habitatet var knytt til elver kan det vere fordi elver var transportvegen for observatørane. Hekkeplassane var i bratte (fjell)skrenter.[4]

    Ein studie frå 2018 som siterer mønster for utrydding av fuglar, den vide øydelegginga av habitatet for arten, og mangelen på stadfesta observasjonar sidan 1980-talet tilrådde å oppliste arten til kritisk trua - moglegvis utrydda.[4]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. BirdLife International (2020) Species factsheet: Anodorhynchus. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juni 2020
    2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 174. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
    3. 3,0 3,1 Yamashita, Carlos; de Paula Valle, Mauro (1993). «On the linkage between Anodorhynchus macaws and palm nuts, and the extinction of the Glaucous Macaw». Bulletin of the British Ornithologists' Club 113: 53–60. 
    4. 4,0 4,1 4,2 BirdLife International (2020) Species factsheet: Anodorhynchus glaucus. Henta frå http://www.birdlife.org den 13. juni 2020
    5. Collar, N., P. F. D. Boesman, and C.J. Sharpe (2020) Glaucous Macaw (Anodorhynchus glaucus) version 1.0. I: Birds of the World. (J. del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://birdsoftheworld.org/bow/species/glamac1/cur/introduction Henta den 13. juni 2020

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Asurara