Atelier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Adriaen van Ostade: «Der Maler in seiner Werkstatt» (1663)

Atelier (uttalt atelié eller atlié, frå fransk for fransk ‘verkstad’)[1] er arbeidsrommet, studioet eller verkstaden til ein biletkunstnar, fotograf eller ein annan kreativ utøvar.[2] Nemninga blir òg brukt om arbeidslokale for kunstindustri og enkelte typar skredderi og finare systover. Tilgang på naturleg lys er ofte viktig i eit godt atelier.

Ateliers libres var uformelle akademi som utvikla seg på 1800-talet; der det blei skaffa modellar, men ikkje gitt noka undervisning.[2] Desse var ettertrakta av avantgarde-kunstnarar. Charles Gleyre sitt atelier blei brukt som møtestad for unge Monet, Renoir og Sisley,[3] og det finst ei levande skildring av den uformelle omgangsforma i George du Maurier sin roman Trilby (1894).

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «atelier» i Nynorskordboka.
  2. 2,0 2,1 Mørstad, Erik (1996). Malerileksikon. Ad notam Gyldendal. s. 31–32. ISBN 82-417-0596-4. 
  3. «Charles Gabriel Gleyre». Henta 8. februar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Atelier