Athamaniká
| Athamaniká Αθαμανικά | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Ípiros og Tríkala | ||
| Fjellkjede | Píndos | ||
| Høgd | 2 469 moh. | ||
![]() Athamaniká 39°29′00″N 21°12′00″E / 39.483333333333°N 21.2°E | |||
| Wikimedia Commons: Tzoumerka | |||
Athamaniká (gresk Αθαμανικά) eller Tzoumérka (gresk Τζουμέρκα) er eit fjell nordaust i periferieininga Árta, søraust i periferieininga Ioánnina og sørvest i periferieininga Tríkala i Hellas. Fjellet ein del av fjellkjeda Píndos og har ei høgd på 2 469 moh.
Fjellet har ei lengd på om lag 40 km frå nord til sør og er 15-20 km breitt. Elva Árakhthos renn i vest.
Skogar dominerer dei lågareliggande områda og inneheld furu og gran, medan grassletter og buskar, i tillegg til berre område, dominerer i høgareliggande område. Området rundt fjellet inneheld landsbyar, skogsvegar, turstiar og eit skisenter.
Frå toppen kan ein sjå nærliggande fjell i aust, dei sentrale og austlege delane av Ípiros og den vestlege delen av Thessalía. På klåre dagar kan ein òg sjå Den thessaliske sletta og lenger aust i Thessalía.
Næraste stader
[endre | endre wikiteksten]- Armatolikó, nordaust
- Myrófyllo, aust
- Rámia, vest
- Áno Grekikó, vest
- Prámanda, nordvest
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Athamaniko» frå Wikipedia på engelsk, den 22. august 2007.
