Atløyna
Atløyna | |
---|---|
![]() | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Sunnfjord |
Koordinatar | Koordinatar:
|
Areal | 37,7 km²
|
Høgaste punkt | Skredvarden (636 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Hærland
|
Atløyna er ei øy i Askvoll kommune i Vestland, nord for Vilnesfjorden ved munningen av Dalsfjorden. Arealet er 37,7 km².
Kyrkja på Atløyna er frå 1674 og vart bygd etter at den tidlegare kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1673. Det vert sagt at då dei grov opp golvet i den gamle kyrkja fann dei mange skjelettrestar frå menneske. Ein rekna med at desse var frå ei vikinggrav.
På sørsida av Atløyna ligg fjellknausen Brurestakken, som er eit landemerke og utsiktpunkt.
Geologi[endre | endre wikiteksten]
Berggrunnen består av folda lag av gneis frå slutten av prekambrium og metasediment frå silur. Sedimenta er avsett direkte på grunnfjellet og har seinare gjennomgått metamorfose og folding. Bergartane vart danna under den kaledonske orogenesen.
Sjå og[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Askheim, Svein. (28. januar 2012). Atløy: geologi. I Store norske leksikon. Henta 8. februar 2014.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
