Vilnes kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°19′15″N 4°57′44″E

Vilnes kyrkje
kyrkje
none
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Bjørgvin
Prosti Sunnfjord
Fellesråd Askvoll
Sokn Askvoll
stad Atløy i Askvoll kommune
Type Langkyrkje
Teknikk Tømra
Innvigd 1674
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 130

Vilnes kyrkje står på Atløy i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane, og er ei tømra langkyrkje frå 1674.

Vilnes kyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til Vilnes kyrkje

Kyrkja vart restaurert i 1950-åra, då vart tak og vegger isolerte og når det òg vart installert ljos og varme gjorde det ein stor skilnad frå tidlegare. Kyrkja fekk òg sakresti og nytt altar og altarring.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den noverande kyrkja erstatta ei kyrkje frå før 1320 som hadde brunne ned i 1673.[2] Altartavla er ein kopi etter eit altarfrontal frå kring 1250 som stod i gamlekyrkja. Originalen er no i Universitetet i Oslo si Oldsakssamling på Historisk museum.

Kyrkja var fram til 1. januar 2006 soknekyrkje i Vilnes sokn, då vart dei tre sokna i Askvoll prestegjeld ihopslegne til eitt sams sokn som vart heitande Askvoll sokn. I eldre tid sokna folk frå delar av Solund til kyrkja i periodar, i tillegg til folk frå dei vestre delane av Askvoll. Den gamle soknegrensa mellom Askvoll og Vilnes sokn delde Atløy i to.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sigurd Muri: Norske kyrkjer. Det Norske Samlaget. Oslo 1971

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]