Atmolyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Atmolyse er ein prosess til å skilje to eller fleire typar gass frå kvarandre ved diffusjon. Gassblandinga strøymer gjennom eit røyr som har porøse veggar, og som er omgjeven anten av ein annan gass, eller av vakuum. Ved diffusjonen gjennom røyrveggen går den lettaste gassen raskast og vert anrika utanfor røyret. Atmolyse har vore brukt til å skilje isotopar frå kvarandre, men dette er i dag avløyst av termodiffusjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]