Attila Zsivóczky

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Attila Zsivóczky
Statsborgarskap Ungarn
Fødd 29. april 1977 (44 år)
Budapest
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000

Attila Zsivóczky (fødd 29. april 1977) er ein ungarsk tidlegare mangekjempar frå Budapest. Han vann bronsen i tikampen under VM 2005, året etter vann han sølv i same ved EM 2006. Gyula Zsivótzky, olympisk meister i sleggjekasting, var far hans.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Attila Zsivóczky varti 1996 junior-verdsmeister i tikamp i Sydney. Fem år seinare kneip han fjerdeplassen under verdsmeisterskapen 2001 i Edmonton. I 2005 vart han med 8 480 poeng andremann i Götzis-stemnet, 54 poeng bak Roman Šebrle frå Tsjekkia. Under verdsmeisterskapen i Helsinki same året fekk Zsivóczky bronsemedaljen i tikampen, slått av Bryan Clay frå USA og nemnde Šebrle. Sommaren 2006 sikra Zsivóczky seg, med liten margin, sølvmedaljen då europameisterskapen fann stad i Göteborg, atter vart han klart slått av Roman Šebrle.

Zsivóczky sin personlege rekord i tikamp oppnådde han i juni 2000, med 8 554 poeng vart han då femtemann under meistermøtet i Götzis.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]