Aud Blegen Svindland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aud Blegen Svindland
Fødd 10. juni 1928
Vestre Toten
Død

1. januar 2019

Yrke politikar, lege

Aud Kjellaug Blegen Svindland (10. juni 19281. januar 2019) var ein norsk lege frå Vestre Toten i Oppland. Ho er kjend for si rolle på områda seksualopplysning, prevensjonsrettleiing og i striden for retten til sjølvbestemt abort.

Aud Blegen var dotter til ein gardbrukar på Toten. Ho utdanna seg til lege ved universitet i Zürich i Sveits. På 1960-talet markerte ho seg offentleg i saker som gjaldt kvinner og miljøvern. Perioden 1972-77 var ho overlege i Hygienekontoret i Helsedirektoratet, samstundes som ho stod i fremste rekke mellom aktivistane som arbeidde for sjølvbestemt abort. Sidan 1978 var ho overlege i Direktoratet for Statens Arbeidstilsyn og leiar for bedriftshelsetenesta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]