Aud Gaundal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aud Gaundal
Fødd10. november 1949
Steinkjer
NasjonalitetNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar

Aud Gaundal (fødd 10. november 1949) er ein tidlegare norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Gaundal var fødd i Steinkjer. Etter handelsskole var ho elev ved Skogn folkehøgskole i 1968, og fullførde yrkesskole og fagopplæring som typograf i 1979 og dessutan grunnkurset til fagrørsla og LO-skulen i 1985. Seinare studerte ho kommunal økonomi og leiing ved Høgskulen i Nord-Trøndelag 2005–2007. Gaundal arbeidde som bod 1966–1967, butikkmedarbeider i 1967 og kafémedarbeider i 1968. Deretter arbeidde ho i Trønder-Avisa som perforatør 1971–1978 og typograf 1979–1993.

Gaundal har hatt ei rekkje verv i politikk og organisasjonsliv. Ho har vore leiar i Steinkjer Grafiske samskipnad, leiar for Grafisk Klubb i Trønder-Avisa, medlem av Landsstyret til Norsk Grafisk Forbund og forbundsstyre i fleire periodar, leiar i Steinkjer Faglege Arbeiderlag og Steinkjer faglege samorganisasjon i ein kort periode og dessutan medlem av Arbederpartiets sentralstyre 1983–1989. Vidare var ho medlem av Steinkjer kommunestyre og formannskap 1980–1993 og 2007–2011, mellom anna varaordfører og gruppeleiar 2007–2011. Gaundal var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nord-Trøndelag 1985–1993 og fast innvalgt representant 1993–2005. På Stortinget var ho medlem av Stortingets energi- og miljøkomité 1993–1997, Stortinget sitt kommunalkomité 1997–2001, Stortingets næringskomité 2001–2005 og medlem av delegasjonen i Nordisk Råd 2001–2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]