Audi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Audi
Audi-Logo 2016.svg
Audi Ingolstadt.jpg
SelskapsformAksjeselskap i Tyskland Sjå dette på Wikidata
Skipa1909
DotterselskapDucati Motor Holding, Lamborghini, Audi Hungaria, Audi Sport, Ducati Sjå dette på Wikidata
EigarVolkswagen Group Sjå dette på Wikidata
Bransjebilindustri, kjøretøyskonstruksjon
HovudkontorIngolstadt Sjå dette på Wikidata
StyreleiarMartin Winterkorn
Adm. direktørFerdinand Piëch, Martin Winterkorn, Rupert Stadler, Abraham Schot, Markus Duesmann
Tilsette79 483, 84 435, 88 453 Sjå dette på Wikidata
Resultat4 300 000 000 euro Sjå dette på Wikidata
Audi A8

Audi er eit tysk bilmerke som sidan 1964 har vore ått av Volkswagen.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Selskapet vart grunnlagt den 14. november 1899 av August Horch som A. Horch & Cie,[1] og sende ut sin fyrste bil i 1901. Selskapet vart til Audiwerke GmbH i 1909. I 1932 vart Audiwerke slege saman med tre andre tyske bilselskap, DKW, Horch og Wandrer, for å forma eit nytt selskap, Auto Union AG. Auto Union fekk den karakteristiske logoen med dei fire ringane. Daimler-Benz AG kjøpte fleirtalet av aksjane i Auto Union i 1958, og selde dei vidare til Volkswagenwerk AG i 1964. Volkswagen gjorde Audi til dotterselskap i 1966.

«Audi» tyder «høyr» på latin. Dette namnet kom i bruk i 1909 som ei omsetjing av etternamnet til grunnleggjaren August Horch. Grunnen til det var at Horch hadde forlate det opphavlege selskapet etter at han rauk uklar med dei andre eigarane, og dimed miste eineretten til merket «Horch».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «History», audi.com (på engelsk), henta 13. oktober 2022 
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.