Daimler AG

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Daimler AG (tidlegare Daimler-Benz AG, DaimlerChrysler AG) er ein tysk bilprodusent med hovudkvarter i Stuttgart. Selskapet er den største lastebilprodusenten og den trettande største bilprodusenten i verda, og har i tillegg store aksjeposter i luftfartsgruppa EADS, teknologi- og bilprodusenten McLaren Group, den japanske lastebilprodusenten Mitsubishi Fuso Truck and Bus Corporation.

Selskapet vart stifta i 1998 då Mercedes-Benz-produsenten Daimler-Benz (1926-1998) fusjonerte med usa-amerikanske Chrysler Corporation. Denne avtalen gjorde at eit nytt selskap vart stifta, kalla DaimlerChrysler. Den 14. mai 2007 annonserte DaimlerChrysler at Chrysler var selt til investeringsgruppa Cerberus Capital Management, og den 4. oktober same år vart eit namnebyte godkjent på ei ekstraordinær generalforsamling. Frå 5. oktober 2007 har selskapet difor hatt namnet Daimler AG.

Selskapet produserer i dag bilar og lastebilar under merkenamna Mercedes-Benz, Maybach, Smart, Freightliner med fleire.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 2002 hadde selskapet to uavhengige produktporteføljar, med få teikn på integrasjon. I 2003 vart det hevda av avisa Detroit News at det som vart presentert som ei samanslåing av to likeverdige selskap eigenleg var eit oppkjøp. Påstanden vart forsterka då nye produkt som Chrysler Crossfire (bygd hovudsakleg på Mercedes-delar) og Dodge Sprinter/Freightliner Sprinter (ein omdøypt Mercedes-Benz Sprinter) kom på marknaden.

Fusjonen, som var verd 36 milliardar usa-dollar, var gjenstand for fleire søksmål, mellom anna eit som vart reist av milliardæren og investoren Kirk Kerkorian. Den 7. april 2005 gav dommaren Joseph Farnan Jr. DaimlerChrysler medhald, og Kerkorian tapte søksmålet.

I mai 2007 selde selskapet 80,9 % av aksjane i Chrysler-divisjonen til det usa-amerikanske investeringsselskapet Cerberus. DaimlerChrysler beheldt dei attverande 19,9 % av aksjane.

Leiarskap[endre | endre wikiteksten]

Dieter Zetsche, tidlegare administrerande direktør i Chrysler-gruppa og Mercedes sin bildivisjon, vart styreleiar i DaimlerChrysler den 1. januar 2006, då den tidlegare styreleiaren Jürgen E. Schrempp trekte seg frå stillinga si, tre år før kontrakten hans gjekk ut, etter ein avtale med styret. Shrempp har fått skulda for fallet i selskapet sin aksjekurs etter Daimler-Benz sin fusjon med Chrysler i 1998, ein fusjon som Schrempp stod bak.

Merkenamn[endre | endre wikiteksten]

DaimlerChrysler sel bilar under ei rekkje merkenamn over heile verda:

Dei sel òg andre produkt under andre merkenamn:

Eigarskap[endre | endre wikiteksten]

DaimlerChrysler eigde tidlegare ein stor aksjepost i det japanske selskapet Mitsubishi Motors, i tillegg til eigarskap i bilproduksjonen til koreanske Hyundai. Aksjeposten i Mitsubishi var så stor som 37 %, men vart redusert til 22 % i april 2004 då DaimlerChrysler ikkje deltok i ein emisjon. DaimlerChrysler selde selskapa MTU Friedrichshafen og Detroit Diesel til EQT i 2006.

DaimlerChrysler har i dag eigarskap i desse selskapa:

DaimlerChrysler har selt aksjane sine i følgjande selskap:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelde[endre | endre wikiteksten]