Audrey Horne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Audrey Horne
Audrey Horne band saunaopenair2010.jpg
Audrey Horne opptrer i Tammerfors i 2010.
Sjanger Hard-rock
Aktive år 2002 -
Plateselskap Indie Recordings, Tuba Records, DogJob Records
Nettstad www.audreyhornemusic.com
Medlemmer
Torkjell Rød
Arve Isdal
Thomas Tofthagen
Kjetil Greve
Tidlegare medlemmer
Herbrand Larsen
Tom Cato Visnes

Audrey Horne er ei norsk hard-rock-gruppe skipa i 2002 i Bergen. Medlemmene har bakgrunnar frå banda Enslaved, Sahg, Gorgoroth, Deride og Sylvia Wane. Namnet Audrey Horne er henta frå ein karakter i David Lynch-serien Twin Peaks.

Gruppa gav ut EP-en Confessions & Alcohol før dei gav ut si fyrste plate: No Hay Banda, begge i 2005. Under Spellemannprisen 2005 vart Audrey Horne tildelt prisen for kategorien metall for debutalbumet. Sidan har Audrey Horne gjeve ut to album til; Le Fol (2007) og Audrey Horne (2010). Dei vart òg nominert til Spellemannprisen 2007 for Le Fol i kategorien metall, men nådde ikkje opp.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2005: Confessions & Alcohol EP
  • 2005: No Hay Banda
  • 2007: Le Fol
  • 2010: Audrey Horne
  • 2013: Youngblood

Kjelde[endre | endre wikiteksten]