Audun Tjomsland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Audun Tjomsland
Fødd 5. juni 1943
Yrke journalist

Audun Tjomsland (fødd 5. juni 1943 i Sandefjord) er ein norsk journalist og informasjonsmedarbeidar.

Tjomsland har vore utanriksmedarbeidar i Aftenposten og journalist og seinare redaktør, i Sandefjords Blad. Han var lenge tilsett i Dagsrevyen på NRK som nyhendeopplesar, og har vore NRK-korrespondent i New York og London. Tjomsland har også vore informasjonsdirektør i Braathens SAFE og informasjonsdirektør i NSB. Han driv i dag Tjomsland Media A/S saman med kona Liv Tjomsland.

I 2011 vart Tjomsland vald inn i bystyret i Sandefjord for Høgre og vart gjenvalgt ved kommunestyrevalet i 2015. Han har vore medlem av formannskapet og har òg vore leiar for helse- og sosialutvalet. Han er leiar for Bjerggata og omegn vellag i Sandefjord.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mot alle odds, Braathens SAFE – 50 år på norske vinger. (1995) ISBN 82-990400-1-9
  • Med Johann Olav Koss: Idrett og menneskeverd (1994)
  • Med Jan Greve og Asgeir Sektnan: Norway at the Olympics : The Norwegian Olympic Committee, Norwegian Olympic victories, The National Top Sports Programme (red.) (1994)
  • Høyt spill om Torp (2005) ISBN 82-997212-0-2
  • -en hjelpende hånd – Sandefjord sanitetsforenng i 100 år. (2009) ISBN 978-82-303-1348-0
  • En personlig reise i Amerika fra Kennedy til Obama (2008) ISBN 978-82-458-08-766

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]