Augustus De Morgan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Augustus De Morgan

Fødd27. juni 1806
Madurai
Død18. mars 1871
London
NasjonalitetDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Områdematematisk logikk
Yrkematematikar, filosof, universitetslærar, advokat, logikar
InstitusjonarUniversity College London
Alma materTrinity College i Cambridge
University of Cambridge
EktefelleSophia Elizabeth De Morgan
BarnGeorge De Morgan, William De Morgan, Mary De Morgan

Augustus De Morgan (fødd 27. juni 1806 i Madurai i Britisk India, død 18. mars 1871 i London) var ein britisk matematikar.

Han vart i 1828 den første professoren i matematikk ved Universitetet i London. Han skreiv fleire lærebøker i algebra, infinitesimalrekning og sannsynsrekning. Særleg viktig er arbeidet hans om reglane innan logikk, sjølv om dei til dels vart overskugga av dei seinare undersøkingane til George Boole. Det viktigaste bidraget hans er Formal Logic frå 1847.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]