George Boole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
George Boole.

George Boole (2. november 18158. desember 1864) var ein engelsk matematikar og filosof. Han er kjent som skaparen av boolsk algebra, grunnlaget for datamaskinbasert aritmetikk.

Boole fekk aldri nokon formell akademisk utdanning. I 16-årsalderen byrja han som lærarassistent ved ein skule i Doncaster. I 1835, då han var 20 år gammal, starta han ein eigen skule og byrja å studere matematikk på eiga hand. Han las blant anna verk av Laplace og Lagrange. Den første matematiske publikasjonen hans var ein artikkel i tidsskriftet Cambridge Mathematical Journal med tittelen «Theory of Analytical Transformations».

Han kom dermed i kontakt med Duncan Gregory, som då var redaktør for dette nyoppstarta tidsskriftet. Dette skulle få stor tyding for Boole. Gregory freista å få han til å byrje akademiske studium ved Cambridge, men Boole var avhengig av lærarinntekta, og hadde ikkje høve til å byrje å studere. Han byrja likevel å publisere artiklar i Cambridge Mathematical Journal, og Gregory fekk han til å interessere seg for algebra.

1849 tiltredde han ei stilling som Professor of Mathematics ved Queen's College i Cork. Han vart verande ved Queen's College resten av livet. Totalt skreiv Boole kring 20 artiklar i Cambridge Mathematical Journal og omtrent like mange i andre matematiske og filosofiske tidsskrift. I 1859 publiserte han Treatise on Differential Equations og året deretter Treatise on the Calculus of Finite Differences.

I 1854 publiserte han An investigation into the Laws of Thought, on Which are founded the Matematical Theories of Logic and Probabilities. I denne artikkelen handsama Boole logikk på ein ny måte, ved å redusere logikken til enkel algebra. Logiske setningar kunne no skildrast med symbolsk notasjon og manipulerast ifølgje reglar som på ein måte likna på normal matematikk. Dette var starten på det vi i dag kallar boolsk algebra.

I 1855 gifta han seg med Mary Everest, dottera til Sir George Everest, som det høgaste fjellet i verda er kalla opp etter.

Sjølv om Boole førde eit forholdsvis enkelt liv og aldri oppnådde nokre akademiske eller yrkesmessige posisjonar som tilsvarte bidraga hans til matematikken, fekk han høg grad av heider og fleire utmerkingar for arbeidet sitt. For ein artikkel om «A general method in analysis» publisert i 1844 i Philosophical Transactions fekk han ein medalje frå Royal Society.

Han døydde av lungebetennelse i 1864, 49 år gammal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]