Aupouri Peninsula

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lokalisering av Aupouri Peninsula
NASA satellittfoto av Aupouri Peninsula og Ninety Mile Beach

Aupouri Peninsula er ei halvøy forma som ei landtunge i nordenden av NordøyaNew Zealand. Ho stikk fram mellom Tasmanhavet mot vest og Stillehavet mot aust.

Ho er ei halvøy på ei halvøy, og ein del av den store halvøya North Auckland Peninsula som utgjer nesten ein tolvtedel av flatevidda til New Zealand. Nær byen Kaitaia smalnar brått North Auckland Peninsula av frå ei breidde på 60 kilometer til berre 10 kilometer, ei breidde halvøya har gjennom storparten av dei om lag 100 kilometerane ho trengjer seg fram nordetter.

På austsida, heilt sør på Aupouri, ligg det naturlege innløpet til hamna Rangaunu Harbour. Bortanfor denne ligg enno ei kort halvøy og den vide havbukta Doubtless Bay. Austkysten til Aupouri Peninsula er kjenneteikna av havbuktene Rangaunu Bay i sør og Great Exhibition Bay i nord. Nordaust på halvøya ligg det naturlege innløpet til hamna Parengarenga Harbour, og nord for denne att ligg North Cape.

Den mest kjende og karakteristiske delen av Aupouri Peninsula ligg på den andre sida. Nesten heile lengda av vestkysten består av den 88 kilometer lange stranda som noko feilaktig er kalla Ninety Mile Beach.

Ved nordenden vidar halvøya seg ut til 30 kilometer. Her ligg fleire oddar som kappast om å vera det nordlegaste punktet på Nordøya: Cape Maria van Diemen, North Cape, Cape Reinga og Surville Cliffs. Sistnemnde av desse ligg lengst mot nord, men med ein margin på berre nokre få hundre meter. Surville Cliffs ligg på breiddegraden 34° 23' 47" sør. Berre ei handfull øyer i øykjedene Three Kings Islands og Kermadec Islands ligg lenger mot nord på New Zealand.

Halvøya er svært spreidd busett, og ingen busetnader har eit folketal over 100. På grunn av dette er vegane i området for ein stor del utan fast dekke, og Ninety Mile Beach vert ofte nytta som ein uoffisiell hovudveg. Den næraste byen til halvøya er Kaitaia som ligg litt sør for henne.

Halvøya har fått namn etter Te Aupouri, ein av māoristammane som held til her.