Cape Reinga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cape Reinga
kapp
none  Cape Reinga/Te Rerenga Wairua i oktober 2007
Cape Reinga/Te Rerenga Wairua i oktober 2007
Plasseringa av Cape Reinga på Nordøya.
Plasseringa av Cape Reinga på Nordøya.
Wikimedia Commons: Cape Reinga

Cape Reinga (eller Te Rerenga Wairuamaori) er den nordvestlegaste oddenhalvøya Aupouri Peninsula, nordlegastNordøyaNew Zealand.

Cape Reinga ligg meir enn 100 km nord for den næraste vesle byen Kaitaia. Det er veg heilt fram til odden, men dei siste om lag 20 km er grusveg. Høvelege køyretøy kan køyra mykje av vegen om Ninety Mile Beach og langs breiddene til elva TPaki.

Hav som møtest[endre | endre wikiteksten]

Møtepunktet mellom Tasmanhavet (til venstre) og Stillehavet (til høgre).

Odden skil Tasmanhavet frå Stillehavet. Frå fyret kan ein sjå korleis tidvatna frå Tasmanhavet og Stillehavet møtest og gir uroleg sjø og straumar utanfor kysten.

Cape Reinga vert ofte oppfatta som den nordlegaste staden på Nordøya, men Surville CliffsNorth Cape, 30 km aust for Cape Reinga, ligg litt lenger nord. Like vest for Cape Reinga ligg Cape Maria van Diemen som vart oppdaga og namngjeve av den nederlandske oppdagaren Abel Tasman i 1642. Han trudde dette var det nordlegaste punktet på det nyoppdaga landet han kalla «Staten Landt».

Maorimytologi[endre | endre wikiteksten]

Etter førestillingar i maorimytologi, dreg sjelene til dei døde til Cape Reinga på reisa til livet etter døden i det andelege heimlandet dei kallar Hawaiki. På Cape Reinga forlèt dei øya ved å hoppa frå eit eldgammalt pōhutukawatre på odden. Dei stansar kort på Three Kings Islands for å ta eit siste farvel med fastlandet, før dei held fram på reisa si. Reinga tyder 'avsprangsstaden' og Te Rerenga Wairua tyder 'staden der åndene tek sats'.

Fyrtårn[endre | endre wikiteksten]

Fyret på Cape Reinga

Fyret på Cape Reinga vart bygd i 1941 og tent første gongen i mai same året.

Fyret på Cape Reinga kom i staden for eit eldre fyr som var plassert på øya Motuopao Island, og som hadde vorte bygt i 1879. Det var ofte vanskeleg å koma fram til dette fyret på grunn av uroleg farvatn i området, så i 1938 vart det bestemt å flytta fyret til Cape Reinga av tryggleiksårsaker. Fyrlampane frå Motuopao Island vart nytta om att på Cape Reinga.

Fyret var utstyrt med ein dieselgenerator og hadde ein elektrisk lampe på 1000 watt. Lampen var synleg over 26 nautiske mil (48 km).

I 1987 vart fyret heilautomatisert og fyrvaktarane slutta. Fyret er no fjernstyrt frå Wellington. I mai 2000 vart den originale linsa og lampen skifta ut med ein 50 watt lynblinklampe. Denne lampen får straum frå solceller. Lampen lyser kvart 12. sekund og er synleg på 19 nautiske mils (35 km) fråstand.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Den tidlegare grusvegen (State Highway 1 på New Zealand) til Cape Reinga i 2005.

Om lag 150 000 turistar vitjar staden kvart år. Utanom parkeringsplass og toalett var staden lenge ikkje tilrettelagt for tilreisande. Sjølv om vegen til kappet var ein del av State Highway 1, var han lenge berre ein grusveg. [1]

På grunn av aukande turisme og protestar frå maoriar blei desse fasilitetane, som låg delvis oppå eit heilag område, flytta eit stykke unna kappet og utvida i 2007.[1] Vegen til kappet, ein av dei siste delane av State Highway 1, blei forbetra gjennom tre års arbeid og det blei planta over 150 000 plantar i vegveita for å hindra erosjon.[2] I mars 2009 blei arbeidet med det nye informasjonssenteret ferdig.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Cape Reinga improvements to restore mana of spirits' highwayThe New Zealand Herald, 23. august 2007
  2. Gee, Tony (3 September 2007). «Three-year Cape Reinga road upgrade under way». The New Zealand Herald. http://www.nzherald.co.nz/section/1/story.cfm?c_id=1&objectid=10461271. Henta 23. september 2011. 
  3. «SH1 Cape Reinga, Project Newsletter 5, July 2009». NZ Transport Agency. Arkivert frå originalen den 22. mai 2010. https://web.archive.org/web/20100522165704/http://www.nzta.govt.nz/projects/capereinga/resources/pdf/cape-reinga-july-09.pdf. Henta 10. februar 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]