North Cape på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
North Cape på New Zealand

North CapeNew Zealand er eit nes som ligg heilt nordhalvøya North Auckland PeninsulaNordøya. Neset er den nordaustlege spissen til halvøya Aupouri Peninsula og ligg 30 km aust for Cape Reinga. Namnet er stundom bruka berre på dette yttarste neset, som på språket til māoriane ber namnet Otou, og som har utsikt mot øya Murimotu Island. Namnet kan også peika på eit vidare landområde som strekkjer seg om lag fem km vestetter frå Murimotu Island mot Kerr Point (Ngatuatata), og omfattar Surville Cliffs. Dette større North Cape, og særleg Surville Cliffs, er det nordlegaste området på hovudøyene på New Zealand, og ligg om lag tre km lenger nord enn Cape Reinga. Denne omtalen dekkjer dette vidare North Cape.

North Cape var ein gong ei øy danna av ein undersjøisk vulkan. Sand som havstraumane la frå seg, danna etter kvart ei landtunge, no kjend som Waikuku Flat, som batt denne øya saman med resten av Aupouri Peninsula. Landområdet og landtunga dannar no til saman halvøya North Cape Peninsula.

Miljøvern[endre | endre wikiteksten]

Ein stor del av North Cape ligg i eit verna område, the North Cape Scientific Reserve. Føremålet med verneområdet er å ta vare på den unike floraen og faunaen på staden. Noko av denne er endemisk i eit lite område på Surville Cliffs. Eit elektrisk gjerde vart sett opp i 2000 for å danna ei «innlandsøy» som skal halda ulike skadedyr, t.d. pungrevar (revekusu), (lat. Trichosurus vulpecula) (på New Zealand kalla possum)) og halvville hestar borte frå staden. Området er stengt for publikum og administrert av miljøverndepartementet på New Zealand, (New Zealand Department of Conservation, DoC).

Mykje av Waikuku Flat ligg i eit anna DoC-reservat, Mokaikai Scenic Reserve, som strekkjer seg sør til hamna Parengarenga Harbour. Dette reservatet er ope for publikum, men tilgangen over land går gjennom eit område eigd av māoristammar som må gje løyve til å passera. Ei anna stripe med māoriland ligg mellom Mokaikaireservatet og North Capereservatet. Denne stripa omfattar den sørlege delen av North Cape og nordgrensa til Waikuku Flat. Ho strekkjer seg frå Kerr Point og nordenden av Tom Bowling Bay på nordkysten og over til Tokatoka Point på vestkysten.

Bakgrunnsstoff og lenkje ut[endre | endre wikiteksten]