Aurlandsfjorden
60°58′15″N 7°4′38″E / 60.97083°N 7.07722°E
| Aurlandsfjorden | |||
| fjord | |||
Aurlandsfjorden sett frå fjellet Prest inn mot Flåm. Aurlandsvangen ligg nedanfor fjellet. | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Vestland | ||
| Kommunar | Aurland, Lærdal, Vik | ||
![]() Aurlandsfjorden 61°00′40″N 7°02′52″E / 61.011055555556°N 7.0477222222222°E | |||
| Wikimedia Commons: Aurlandsfjorden | |||
Aurlandsfjorden er ein om lag 29 kilometer lang fjordarm på sørsida av Sognefjorden. Han ligg i kommunane Lærdal, Aurland og Vik.
Fjorden har innløp mellom Staven nær Fresvik i vest og Solsnes nær garden Buene i aust. Like innanfor innløpet ligg garden Simlenes på vestsida. Han har vegsamband via åtte hårnålssvingar som går om lag 450 høgdemeter opp til toppen av Fresvikåsen. Vidare innover i fjorden er fjordsidene bratte og stort sett urørte med høgder opp til 1100 meter på kvar side. 11 km deler fjorden seg i to om lag like lange delar. Aurlandsfjorden held fram søraustover til Aurlandsvangen og Flåm, medan den smale Nærøyfjorden går sørvestover og inn til Gudvangen.
5 km sør for innløpet til Nærøyfjorden ligg Undredal på vestsida, på motsett side (litt lenger inne) ligg grenda Skjerdal i enden av ein blindvei. Om lag 7 km lenger inn ligg Aurlandsvangen, kommunesenteret i Aurland, her munnar Aurlandselvi ut i fjorden. Mellom Aurland og Flåm går E16 langs austsida av fjorden. Flåm ligg om lag 5 km innanfor Aurland i botnen av fjorden. Mellom Aurland og Flåm ligg grendene Onstad og Otternes. Otternes er også bygdetun og museum.[1]
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Aurlandsfjorden sett innover frå Aurlandsvegen
- Sett utover fjorden frå Stegastein ved Aurlandsvegen
- Kongeskipet ved Skjerdal i Aurlandsfjorden
- Panoramafoto
- Cruiseskip ved Flåm
- Undredal sett frå fjorden
- Dampbåten "Fjalir" på fjorden (1930)Foto: Anders Beer Wilse/Norsk folkemuseum
