Tinn Austbygd

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Austbygdi)
Austbygde
tettstad
Austbygde frå sørsida av Tinnsjå
Foto: Tommy Gildseth
Land  Noreg
Fylke Telemark
Kommune Tinn
Areal 0,46 km²
Folketal 392  (2023)
Folketettleik 852 / km²
Postnummer 3650 TINN AUSTBYGD
Kart
Austbygdi
59°59′44″N 8°49′42″E / 59.995542°N 8.828253°E / 59.995542; 8.828253
Wikimedia Commons: Austbygde

Austbygde, òg skrive Austbygdi, er eit sokn og ein tettstad i Tinn kommune i Telemark fylke.

Tettstaden[endre | endre wikiteksten]

Austbygde tettstad har 392 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg vel tre mils køyring nordaust frå Rjukan, ved nordaustre enden av innsjøen Tinnsjå, der Tessungdalen med Austbygdåe kjem frå nord og møter sjøen.

Folketalsutvikling i Austbygde tettstad
År Innbyggjarar
1946
  
181
1950
  
245
1960
  
228
1970
  
252
1980
  
280
1990
  
289
2000
  
310
2009
  
354
2012
  
356
Kjelder: SSB: Norske folketeljingar

Austbygde sokn[endre | endre wikiteksten]

Austbygde sokn vart skipa i 1888, ved frådeling av den austre delen av Atrå sokn. Same år vart Austbygde kyrkje, 4 kilometer nord for tettstaden, vigsla. Folketalet i soknet har alt frå skipinga lege nokså stabilt rundt 1 000 innbyggjarar.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk vart innført som målform i skulen i 1908, liksom i dei fleste andre bygdeskulane i Tinn kommune. I 2010 vart skulane i Austbygde sokn lagt ned, samstundes som bokmål vart teke i bruk som målform i alle skular i kommunen. I kyrkja brukast fortsatt nynorsk.

Stabbur på Midtbøen i Tessungdalen, nord i soknet

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]