Austria Wien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Austria sitt vinnarlag i cupen i 2009

Fußballklub Austria Wien er ein fotballklubb i Wien i Austerrike. Austria, som har spelt i den austerrikske toppdivisjonen i fotball sidan den vart starta opp i 1911, tapte finalen i Cupvinnarcupen 1978 med 0-4 for belgiske Anderlecht.

Austria har frå 1924 til 2013 vunne 24 seriemeisterskap. Klubben har gått til topps i den nasjonale fotballcupen heile 27 gongar, fyrste gongen i 1921 og den hittil siste i 2009. Båe i 1933 og 1936 vann klubben den såkalla mitropapokalen, ei cupturnering mellom fotballag i Sentral-Europa. Fotballaget var på sitt aller beste i slutten av 1970-åra, då den nådde finalen i Cupvinnarcupen 1978 og semifinalen i Europacupen året etter.

Sidan 1973 spelar Austria heimekampane på Generali Arena, eit anlegg med plass til 13 500 tilskodarar. Laget spelar i lilla drakter, med ein kvit tverstolpe over brystet.

Nordmennene Mons Ivar Mjelde, Sigurd Rushfeldt, Petter Rudi, Raymond Kvisvik og Thorstein Helstad har alle spelt for Austria Wien.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]