RSC Anderlecht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Til venstre Ludo Coeck, som var med å vinne begge cupvinnarcupane og UEFA-cupen for Anderlecht i tida 1976-83, til høgre Jacky Munaron som vakta Anderlechts mål i UEFA-cupfinalen 1983.

Royal Sporting Club Anderlecht, til dagleg omtala som Anderlecht er ein fotballklubb i Brussel i Belgia. Klubben spelar i den nasjonale toppdivisjonen. Anderlecht har vunne fleire meisterskapstriumfar enn nokon annan belgisk fotballklubb. Mellom anna vann Anderlecht Cupvinnarcupen i 1976 og 1978, samt UEFA-cupen i 1983.

Anderlecht vart skipa i 1908, og nådde øvste nivå i belgisk fotball i 1921. Sidan 1935 har klubben alltid spela i toppdivisjonen. Frå Anderlecht vann sitt fyrste seriemeisterskap i 1947 har det til 2013 vorte i alt 32 serietriumfar i Belgia. I perioden 1965 til 2008 gjekk Anderlecht ni gongar til topps i den nasjonale cupmeisterskapen.

Anderlecht har sin base i Anderlecht kommune. Klubben har sidan 1983 spela heimekampane på Constant Vanden Stockstadion. Laget spelar i rosa og kvite drakter.

Hovudtrenaren er Vincent Kompany (2020).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]