Sigurd Rushfeldt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sigurd Rushfeldt


Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1972 (51 år)
Vadsø kommune
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1994

Utmerkingar

Finnmark fylkes kulturpris, Kniksenprisen for årets angrepsspiller, Kniksens hederspris, Årets tromsøværing

Sigurd Rushfeldt (fødd 11. desember 1972) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Vadsø. Med 172 nettkjenningar i norsk eliteserie er han den spelaren som skåra flest mål i toppdivisjonen i Noreg. Han har vorte noregsmeister med Tromsø IL, seriemeister med Rosenborg Ballklub og vunne både serie- og cuptriumfar med Austria Wien. Rusheldt spelte 38 landskampar i tida 1994-2007.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Rushfeldt var Tromsø-spelar i åra 1992-96. I 1996 vart han cupmeister med Tromsø IL, han skåra sigersmålet i sluttsekundane. Frå 1997 til hausten 1999 spelte han for Rosenborg Ballklub og vart toppskårar i eliteserien både 1997 og 1998. Eit par sesongar, 1999-2001, spelte Rushfeldt i spanske Racing Santander. Vårsesongen 2001 hadde han eit mellomspel i Rosenborg, før han om sommaren vart overført til Austria Wien. Dei neste fem seongane hadde han stor suksess med den austerrikske klubben, Austria Wien vart nasjonal seriemeister i 2003 og 2006 og cupvinnar i 2003, 2005 og 2006. Sesongen 2004/05 vart han vald til året spelar i den austerrikske toppserien. Sommaren 2006 vart Rushfeldt Tromsø-spelar på ny, no for ein periode på fem-og-eit-halvt år. Midtvegs i sin siste eltesesong, 2011-sesongen, tok han rekorden som den mestskårande i norsk seriefotball på toppnivå. I alt skåra Rushfeldt 99 seriemål for Tromsø og 73 for Rosenborg.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Rushfeldt spelte 38 landskampar frå debuten i 1994, til han avslutta landslagstida i 2007. Ettersom han tevla om spissplass med karar som Ole Gunnar Solskjær og Tore Andre Flo, måtte han slite landslagsbenken i dei fleste av dei 13 åra han var landslagsaktuell. Rushfeldt skåra 7 landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Cupmeister: 1996 med Tromsø IL
  • Seriemeister: 1997, 1998, 1999 og 2001 med Rosenborg
  • Austerriksk cupmeister: 2003, 2005 og 2006 med Austria Wien
  • Austerriksk seriemeister: 2003 og 2006 med Austria Wien

Ymse[endre | endre wikiteksten]

Sigurd Rushfeldt og Morten Gamst Pedersen vart tildelt Finnmark fylkeskommune sin kulturpris for 2006. Rushfeldt er fetter til Lars Bohinen og svoger til fotballtrenaren Ronny Deila.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

fotball.no