Automatisk trafikkontroll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fotoboks langs E18 ved Longum i Aust-Agder.
Skilt som varslar gjennomsnittsmåling på E6 mellom Otta og Dombås.[1]

Automatisk trafikkontroll (ATK, populært kalla fotoboks) er eit system der einingar, utstyrt med fotokamera og/eller sensorar, overvåkar delar av trafikken. ATK blir særleg nytta til å registrere brot på fartsgrensene på eit punkt eller i gjennomsnitt over ei strekning.[2]

Systemet tar eit bilete av det køyretyet som bryt trafikkreglane. Normalt er det farta som blir kontrollert, men det finst også system som kontrollerer køyring mot raudt i lysregulerte kryss.[3] Målet er å hindre brot på trafikkreglane og auke tryggleiken i trafikken. Forskning viser at det blir 15-40 % færre dødsulukker og 10-30 % færre personskader der det er automatisk trafikkontroll.[3]

ATK blir nytta i flere land, men er dels omstridt på grunn av personvernomsyn.[4] Med det norske systemet blir det tatt bilete av føraren. Det samme prinsippet brukes også i Sverige og i enkelte delstater i USA, blant annet California og Oregon. Bakgrunnen for dette er ein må kunne identifisere føreren sikkert for å kunne ilegge forelegg eller bot. I Noreg er særleg gjennomsnittsmåling over ei strekning omstridt fordi alle køyrety blir registrert.[5] I Storbritannia er fotoboksane montert slik at dei tar bilete av bilen bak, slik at det berre er biltype og skiltnummer som blir identifisert. Storbritannia er det landet med flest fotoboksar rekna per kilometer veg.[3] I Noreg har Datatilsynet også innvendingar mot ATK. Datatilsynet hevdar at fotobokser avgrensar den personlege fridomen.[6]

ATK vart introdusert i Noreg for kontroll av fart på E18 gjennom Telemark i juni 1988, og det er i dag omkring 370 fotoboksar langs norske vegar (av desse er 250 regelmessig i bruk, kamera blir flytt rundt mellom boksane). Oppsetting av fotoboks kostar knapt 100.000 kr, digitalt kamera 320.000 kr og årleg drift om lag 100.000 kr. Det er Statens vegvesen som står for drift, medan politiet vurderer straffereaksjon på grunnlag av det innsamla materialet. [3] I TØIs Trafikksikkerhetshåndboken blir ATK av fart i Noreg skildra slik:

«Rent teknisk måles farten ved at kjøretøyet passerer to piezo-elektriske kabler som er frest ned i veibanen med nøyaktig tre meters avstand. 12 meter etter siste kabel passerer kjøretøyet en «fotolinje» - gjerne markert med en hvit stripe oppå asfalten (Datainstrument, udatert). Selve fotoboksen står på en metallstolpe i 18 meters avstand fra fotolinjen med fronten mot kjøretøyet i ca. 30 graders vinkel i forhold til kjørebanen. Boksen er utstyrt med to vinduer - ett for kameraet og ett for blitz. Avhengig av om boksen er utstyrt med kamera - og om kjøretøyet overskrider kriteriet for at farten er definert som en lovovertredelse - tas det i denne posisjonen bilde av kjøretøy og bilfører forfra. Overtredelseskriteriet kan variere. Stolpen med fotoboksen er fastmontert. Alle bokser er imidlertid ikke utstyrt med kamera. Kameraet flyttes rundt fra boks til boks. Dette avgjøres av politiet, og utføres av Statens vegvesen. Alle strekninger hvor automatisk trafikkontroll er installert, skal varsles med skilt.»[3]

I Noreg var det i 2012 fotoboksen i Rælingstunnelen på riksveg Riksvei 159.svg  som registrerer flest overskridingar av fartsgrensa, med 4100 (av omkring 1,4 millionar køyrety) mot over 8000 registreringar i 2011. I BaneheitunnelenStamvei E18.svg  blir det også registrert mange med 5700 i dei to retningane til saman (av 5,7 millionar passeringar i dei to retningane til saman).[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.vg.no/bil-og-motor/artikkel.php?artid=10103733
  2. Statens Vegvesen om ATK lese på nett 5. april 2013.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 TØI: Trafikksikkerhetshåndboken lese på nett 29. mai 2013.
  4. Forskning.no "Greit med overvåkning på veiene?" 15. april 2011, lese på nett 29. mai 2011..
  5. Aftenposten 29. april 2011, lese på nett 29. mai 2013.
  6. Datatilsynet debattinnlegg 4.januar 2007, lese på nett 29. mai 2013.
  7. Dagbladet lese på nett 29. mai 2013.