Av-og-til

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Av-og-til, tidlegare Alkokutt, er ein norsk haldningskampanje som blir driven av 50 ulike frivillige medlemsorganisasjonar, både landsomfattande organisasjonar, politiske parti, og lokale aksjonskomitear. Desse organisasjonane har ulikt syn på alkoholhaldig drykk, men er samde i at ein bør redusere alkoholbruken i Noreg. Av-og-til skifta namn frå Alkokutt i 2007. Bodskap, organisering og framgangsmåtar er som før. Generalsekretær er Randi Hagen Eriksrud (2019).

Av-og-til jobbar for å redusera alkoholbruk i høve der dette kan gje særleg risiko.[1] Han tek for seg alkoholbruk i følgjande situasjonar:

  1. Trafikk
  2. Idrett og friluftsliv
  3. Båt- og badeliv
  4. Livskriser
  5. Graviditet
  6. Arbeidsliv
  7. Samvær med barn og unge

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om Av-og-til», Av·og·til (på bokmål), henta 16. april 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]