Avretting ved skyting

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«El Tres de Mayo» av Francisco de Goya viser ei avretting ved skyting etter oppstanden i Madrid den 3. mai 1808.

Arkebusering eller skyting som avrettingsmetode har vore bruka sidan skytevåpna vart oppfunne.

Den dødsdømde vert då ofte stilt opp med ansiktet mot ein eksekusjonspelotong, det vil seia ei gruppe med skytevåpen. Dei skyt han då på kommando, helst i hjarte-lunge-regionen. Leiaren for eksekusjonspelotongen går so bort til den dømde som no ligg på bakken eller heng i reipa som held han, og skyt han i nakken for å sikra at han er død.

Ein annan mykje bruka måte å avretta folk ved skyting på, er nakkeskot. Då vert den dømde skoten i nakken attanfrå, ofte medan han står på kne. Denne metoden vart mykje bruka av Stalin-regimet i Sovjetunionen, og vert bruka i Kina enno i dag.

Masseskyting av store grupper menneske vart mykje bruka mellom anna under andre verdskrigen, då særleg av dei nazistiske Einsatzgruppen eller Einsatzkommandos som følgde tett etter dei framrykkjande ordinære tyske hærstyrkane på Austfronten og systematisk skaut store grupper jødar, kommunistar og folk mistenkte for å vera partisanar. Folk vart då ofte stilte opp på kanten av ei open massegrav og meia ned med maskingevær, den eine gruppa etter den andre.