Josef Stalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josef Stalin
იოსებ სტალინი
Иосиф Сталин
JStalin Secretary general CCCP 1942.jpg
Diktator i Sovjetunionen
Regjeringstid 1924 - 1953
Fødenamn Iosef Vissarionovitsj Dzjugasjvili
Fullt namn Josef Vissarionovitsj Stalin
Fødd 1878-12-1818. desember 1878, Gori i Det russiske imperiet (no Georgia)
Død 1953-03-055. mars 1953, Moskva i Sovjetunionen (no Russland)
Ektefelle Ekaterina Svanidze (1906 - 1907)
Nadezjda Allilujeva (1919 - 1932)
Born Yakov Jughashvili
Svetlana Allilujeva

Josef Vissarionovitsj Stalin (fødd 18. desember 1878 i Gori, død 5. mars 1953 i Moskva) var den fyrste generalsekretæren i det sovjetiske kommunistpartiet. Etter Vladimir Lenin døydde, fekk Stalin gradvis meir og meir makt i Sovjetunionen, og var reelt sett øvste leiar i landet frå midten av 1920-åra fram til han døydde. Stalin er kjend som ein av dei mest omsynslause kommunistiske diktatorane i historia.

Pseudonymet Stalin (russisk Сталин) tyder stålmannen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Stalin vart fødd i Gori i Det russiske imperiet (no Georgia) der han voks opp i fattige kår. Han fekk utdanninga si på eit presteseminar i Tbilisi, på mange måtar tilsvarande katedralskular i vest. Berre eit fåtal gjekk der, han ville verta prest. Medan han studerte, var han med i ulovleg politisk arbeid. Han blei utvist frå skulen i 1899 sidan han ikkje møtte fram ved eksamen i eit teologisk emne.

Med ei dekkstilling på det astronomiske/fysiske observatoriet i Tbilisi byrja han aktiv revolusjonær verksemd, med studiesirklar i marxisme, med utgjeving av illegale aviser, organisering av demonstrasjonar og streikar, organisering av paramilitære og pengesamling gjennom bankran, kidnappingar og utpressing. Saman med Kliment Vorosjilov gjennomførde han ein vellukka streik blant oljearbeidarane i Baku i 1908, som førde til den første kollektivavtalen i russisk arbeidarhistorie.

Sommaren 1906 gifta Stalin seg med Ekaterina Svanidze, som seinare fødde det første barnet hans, Jakov. Stalin forlét partiet for ei stund fordi det la ned forbod mot bankran. Han stod bak eit stort pengetransportran som førte til at 40 menneske omkom.[1]

Frå mars 1901 til mars 1917 levde Stalin "under jorda" med det tsaristiske løyndepolitiet i hælane. Han vart arrestert og fengsla og så send i forvising til Sibir fleire gonger, men klarte som oftast å rømma heilt til han etter arrestasjon i St. Petersburg i 1913 vart deportert til Turukhansk. Stalin måtte opphalda seg tre år i ein liten sibirsk landsby, Kurejka, under svært harde klimatiske og materielle vilkår. Under eit av fengselsopphalda døydde den første kona hans i Baku av tuberkulose, men sonen overlevde. Sonen hans igjen står i dag i brodden for ein organisasjon til reinvasking av Stalins minne.

Til makta[endre | endre wikiteksten]

Stalin var medlem av det sosialdemokratiske partiet frå 1899, og etter splittinga i partiet blei han med bolsjevikane. Trass i politiforfylging lukkast han å delta på partikongressen i Tammerfors/Tampere (1905), Stockholm (1906) og London (1907). Han blei vald inn i sentralkomitéen i 1912 og stod for partiorganet Pravda. Saman med Molotov leidda han eksekutivkomitéen i Bolsjevikpartiet i Petrograd frå mars 1917 til Lenin og andre framståande emigrantleiarar var på plass i hovudstaden. Etter revolusjonen blei Stalin kommissær (minister) for nasjonalitetsspørsmål i regjeringa, under borgarkrigen vart han stendig sendt ut for å rydda opp og leia krigføringa i akutte situasjonar. Særskilt prekær var stoda i Volgabyen Tsaritsin. Kornforsyningane kom ikkje fram til Moskva og Petrograd, det var fraternisering og korrupsjon mellom ulike grupperingar frå kvite til raude. Stalin som kom til Tsaritsin, 6. juni 1918, gjekk hardt til verks, dei kvite vart tukta, og kornforsyningane kom fram. Byen fekk seinare namnet Stalingrad. Stalin var loyal mot Lenin som han hadde stor beundring for. Etter at polakkane (Pilsudski) hadde byrja åtakskrig mot Sovjetstaten i 1920 og sovjetarane hadde slått dei tilbake, ville Lenin halda fram mot Warszawa for å ha ei bru til rådsrepublikkane som hadde dukka opp i Tyskland etter det tyske nederlaget. Stalin rådde frå dette av di som han sa, det er skilnad på å slåst mot polakkar i Russland og mot polakkar på deira eiga jord. Stalin bøygde seg for Lenins vilje og røysta for, men det gjekk som han trudde, dei makta ikkje ta Warszawa. I 1922 vart Stalin vald til generalsekretær i kommunistpartiet. Denne posisjonen bygde han ut til ei sentral maktstilling og knytte til seg folk av den yngre garde som ikkje hadde hatt samband med emigrantmiljøet. Etter at Lenin vart arbeidsudugande (han var bl.a. svekka etter eit attentat, 30.8. 1918) fekk Stalin meir og meir kontroll over parti og land. I førstninga manøvrerte han varleg mellom høgre- og venstregrupperingar og synte stor evne til å spela dei ut mot kvarandre. Samstundes hadde han klare planar for oppbygginga av Sovjetstaten; anten måtte ein innhenta Vesten på ti år eller så ville Sovjetunionen gå under. Ei omfattande industrialisering vart sett i gang, ressursane måtte i stor mon hentast i jordbruket slik at kollektiviseringa der gjekk føre seg den første tida utan mange materielle incitament og med sterk motstand frå mange sjølveigande bønder (kulakkar), men etter kvart med utbygginga av sovkhos og ikkje berre kolkhos, vart målet om å gjera bonden til industriarbeidarens likemann i stor mon nådd. På den 15. partikongressen i desember 1927 var retningslinene for den første femårsplanen trekte opp. Femårsplanar kom til å verta kjenneteiknet for oppbygginga av Sovjetunionen.

Utreinskingar[endre | endre wikiteksten]

1. desember 1934 vart Sergej Kirov som var blitt send til Leningrad for å rydda opp i tilhøve i partiet der, myrda av eit partimedlem. Stalin innleidde ei rad rettsaker med etterfylgjande dødsdomar mot dei som kunne mistenkast for å sabotera, konspirera, samarbeida med utanlandske agentar, stå i samband med den landsforviste Trotskij osb. Eit angivarsystem breidde seg over landet, og politiet såg det som si oppgåve å gå grundig gjennom alle sakene. I fleire tilfelle var det dissens mellom tre domarar, men det var nok at to av dei var for dødsdom til at denne kunne eksekverast. Nordahl Grieg sin roman Ung må verden ennu være gjev eit levande bilete av Sovjetunionen og stemninga på den tida.

Krigen[endre | endre wikiteksten]

Stalin hadde så langt det var råd freista å halda landet utanfor krig med Tyskland, men var klar over at nazistane hadde på programmet å gå mot aust og bolsjevismen. Landet vart førebudd på eit oppgjer, men det tyske åtaket kom tidlegare enn Stalin hadde rekna med, og krigen førde til store lidingar for sovjetfolket. Under andre verdskrigen viste det seg at trass i utreinskingar i offiserskorpset hadde Sovjetunionen likevel blitt styrkt som militærmakt, og landet stod sentralt i sigeren over Hitler-Tyskland på det europeiske kontinentet. Sovjetarane var alt rykt inn i Polen då britar og USA-styrkar invaderte Normandie. Men tapa var store både i menneskeliv og materielt. Ein reknar med at minst 25 millionar sovjetiske statsborgarar mista livet under andre verdskrigen. Utruleg heltemodig var forsvaret av Leningrad, som frå 21.8.41 var isolert i 18 månader pga av tysk kringsetting, og kampane om Stalingrad frå august 1942 til 2.2. 1943. Stalin hadde enorm prestisje etter sigeren i 1945, og kommunistpartia hadde stor framgang også i Vest-Europa. Sovjetarane hadde militær kontroll over Aust-Europa, men sjølv var Sovjetsamveldet eit blodtappa land som for ein stor del var ein ruin vest for Ural. Etter krigen heldt Stalin seg strengt til avtalane med Churchill og Roosevelt, som i praksis tydde ei oppdeling i interessesfærer, sovjetstyrkane vart trekte ut av Noreg, Finland, Iran og Austerrike, og sovjetarane intervenerte ikkje til støtte for dei greske partisanane i Hellas som slost mot britar og amerikanarar, men i Aust-Europa fekk sovjet-tru kommunistparti makta og freista å byggja kommunistiske samfunn med Sovjetunionen som modell. I førstninga gjekk dette lett av di andre grupperingar hadde blamert seg kraftig ved å vera tyskvenlege i minsto under første delen av krigen. Fasciststrøymingane hadde vore sterke i Ungarn, Romania, Bulgaria, Kroatia osb. Men etter kvart kom Sovjetblokka i bakleksa når det galdt velstandsutvikling for mellomklassesjiktet og produksjon av forbruksgode av god kvalitet.

Stalin hadde ei omfattande verksemd som propagandistisk bladmann i sine yngre dagar då han jamvel skreiv poesi.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Simon Sebag Montefiore. Young Stalin. Knopf, 2007. ISBN 1400044650 Prologue: The Bank Robbery, pp. 1-11

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Isaac Deutscher, Stalin -En politisk biografi (norsk utg. Cappelen, 1950)
  • Stalinbiografi gitt ut av forlaget for framand litteratur i Moskva, 1947.
  • Ensyklopedi over den store fedrelandskrigen, Olma-press, Moskva, 2005.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Josef Stalin