Azar Karadaş

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Azar Karadaş
Personleg informasjon
Namn Azar Karadaş
Fødselsdato 9. august 1981
Fødestad Nordfjordeid i Noreg
Høgd 187 cm
Posisjon Spiss/midtstoppar
Klubbinformasjon
Spelar for Sogndal
Ungdomsklubb
Eid IL
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1999-2001
2002-2004
2004/2005
2005/2006
2006-2007
2007-2009
2009-2012
2012-
Noreg Brann
Noreg Rosenborg
Portugal Benfica
Flag of England.svg Portsmouth (L)
Tyskland Kaiserslautern (L)
Noreg Brann
Tyrkia Kasımpaşa
Noreg Sogndal
50 (12)
60 (13)
27 (4)
20 (1)
11 (1)
46 (10)
36 (2)
23 (5)
Landslag**
2001- Noreg Noreg 9 (1)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 19. oktober 2007.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 19. oktober 2007.

Azar Karadaş (fødd 9. august 1981) i Nordfjordeid) er ein norsk fotballspelar i Sogndal Fotball. Azar Karadaş har òg tyrkisk statsborgarskap.

Etter ein turbulent 2001-sesong med Brann, gjekk Karadaş overraskande til Rosenborg 13. mars 2002, ein overgang som elles gjorde seg bemerka for dei rasande reaksjonane som han vakte i Bergen. Karadaş vart seld vidare frå Rosenborg til Benfica for 15,3 millionar kroner hausten 2004. Karadaş slo aldri skikkeleg gjennom i Portugal, og vart leigd ut til Portsmouth hausten 2005. Heller ikkje her fekk han mykje tillit. I januar 2006 gjekk det rykter om at Karadaş var på veg tilbake til Brann. I juni 2006 melde den portugisiske avisa Record at Brann hadde bydd 12 millionar kroner for Karadaş. 10. juni stadfesta Karadaş overfor BA at han hadde takka nei til klubbane Anderlecht og Dynamo Moskva[1]. 16. juni vart det offentleg at Karadaş igjen skulle vere klar for Brann, men Benfica ville ikkje gje han nokre bonusar og overgangen gjekk ikkje som planlagt. Karadaş reiste tilbake til Benfica og var der ei lita stund før det vart klart at han skulle lånast ut eitt år til Kaiserslautern i tysk 2. Bundesliga. Opphaldet i Kaiserslautern vart ingen suksess, og han fekk òg diagnosen kronisk utmattingssyndrom. [2] Tidleg i august 2007 vart det kjend at Karadaş var i samtalar med Brann om ein overgang[3]. 24. august 2007 signerte Karadaş ein ny kontrakt med SK Brann som går ut 2010-sesongen. Brannsupportarane som ytra sterk misnøye då han gjekk til Rosenborg møtte han med ein stor banner med «Vi hatet deg så mye, fordi vi elsker deg så høyt!»[4] I 2009 forlot han Brann igjen og reiste til Tyrkia og Kasımpaşa Spor Kulübü. Der sikret han opprykk til Super Lig for laget sitt i 2012 sesongen. I Auguat 2012 vente han tilbake til heimfylket sitt og speler no for Sogndal i Tippeligaen.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Seriemeistar med Rosenborg i 2002, 2003, 2004 og Brann i 2007. Noregsmeistar med Rosenborg i 2003. Seriemester i Portugal med Benfica 2004-2005.

Landskampar[endre | endre wikiteksten]

  • U-15: 7 kampar, 1 mål
  • U-17: 10 kampar, 2 mål
  • U-18: 6 kampar, 2 mål
  • U-19: 3 kampar
  • U-21: 33 kampar, 12 mål
  • A: 9 kampar, 3 mål [5]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. BA - Sa nei til toppklubber
  2. Spelarprofil hos Brann
  3. Nettavisen - Karadas i Brann-samtaler 07.08.07
  4. [http://fotball.bt.no/eliteserien/article89194.ece bt.no - «Vi hatet deg så mye, fordi vi elsker deg så høyt!». Brann vann serien i 2007 etter å ha dominert stort i serien.
  5. Spelardata frå Noregs Fotballforbund