Båteng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Båteng
stad
Nuorgam utsikt over Tana alv 6774.jpg
Utsikt frå Nuorgam mot Båteng
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Tana
Postnummer 9825

Båteng
70°4′54″ N 27°49′20″ E

Båteng (nordsamisk Fanasgieddi) er ei grend i Tana kommune i Finnmark fylke. Ho ligg ved Tanaelva, om lag 26 km sørvest for Tana bru. E6 går forbi Båteng, på finsk side av elva ligg den nordlegaste bygda i Finland og EU, Nuorgam.

ForfatternesForlag har avdelingskontor i Båteng. I forlagsbygget er det ei utstilling om laksefiske og elvesamisk kultur. Utstillinga er open innanfor ordinær arbeidstid. På ei høgd om lag 700 meter sørvest for forlagsbygget er det ein gammal samisk offerstad, Fanasgiedbákti, og om ein forlengar turen med ytterlegare 700 meter mot nordvest, kjem ein til offerstaden Erkkeoaivi.

Kjende personar frå Båteng[endre | endre wikiteksten]

  • Divisjonsdirektør Mona Solbakk i NRK Sápmi vaks opp på Båteng.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]