Børge Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Børge Lund


Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. mars 1979 (45 år)
Bodø
Idrett handball

Børge Lund (fødd 13. mars 1979) er ein handballspelar og -trenar frå Bodø. Han var i 2010 med om å vinne meisterligaen for THW Kiel. Lund er sidan 2020 sjefstrenar for Elverum.

Lund var rykkromspelar og utmerkte seg særleg i forsvarsspell. Han var aktiv i Bodø HK til 2002, deretter spelte han 2002-06 på danske Aalborg. Perioden 2006-13 gjorde han etter tur teneste i dei tyske toppklubbane HSG Nordhorn, THW Kiel, Rhein-Neckar Löwen og Füchse Berlin. Avslutta med spel i Bodø HK, siste tida som trenar fram til 2016.

Lund deltok i 216 av Noregs landskampar i tida 2000-14. Han representerte Noreg i europameisterskapa 2008, 2010, 2012, 2014, samt Handball-VM 2011. Lund skåra 390 ladslagsmål.

Frå 2016 til -21 var Lund assistenttrenar for Noregs landslag under Christian Berge. Sidan sommaren 2020 har han vore sjef for det norske topplaget Elverum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]